Lovleg vedtak

Statsforvaltaren slår fast at vedtak om val av organisasjonsform for nytt felles avløpsreinseanlegg for Sula og Ålesund er lovleg.

dronebilde med oversikt over Veibust grunnkrins - Klikk for stort bilete

 

Tre kommunestyrerepresentantar frå Ålesund sette i sommar fram krav om lovlegkontroll av vedtaket om val av organisasjonsform for nytt felles reinseanlegg.

Kommunestyret behandla kravet, men 51 mot 24 stemmer heldt fast på vedtaket dei hadde gjort. 

Vedtaket vart sendt til Statsforvaltaren for ein lovlegkontroll. Det arbeidet er no ferdig og Statsforvaltaren konkluderer med at vedtaket er lovleg.

Forsvarleg saksbehandling

Statsforvaltaren har sett på om saka er tilstrekkeleg utgreidd, om vedtaket er tilstrekkeleg grunngjeve og om saksutgreiinga er slik at politikarane kan sette seg inn i saka. 

Statsforvaltaren seier at saka er forsvarleg utgreidd og kan ikkje sjå at det ligg føre andre forhold som tilseier at saksbehandlinga ikkje har vore forsvarleg.

Statsforvaltaren har sett på sjølve saka om organisasjonsform, og kjem ikkje til å gi ein lovlegkontroll av heile sakskomplekset slik klagarane ønskjer. 

Heile brevet og vedtaket frå Statsforvaltaren kan du lese her. (PDF, 116 kB)