Legging av sjøleidning Tørla - Stafsethneset

Tirsdag 27. oktober er det planlagt legging av sjøleidning frå Tørla til Stafsethneset. Leidninga kan kome i konflikt med fiskereiskap, og vi ber fiskarar vere spesielt merksame.

Sjøleidninga er ein del av overføringsnettet til Kongshaugen reinseanlegget.

Leidninga er sveisa saman og har vore lagra på Giørtz-tomta på Sjukenesstranda. Tirsdag skal leidninga etter planen slepast gjennom Tjørsundet til Årvika på Tørla og leggast på strekninga derifrå og til Stafsethneset.

Arbeidet vil påverke båttrafikken i området og i ein kortare periode kan det bli stengt for trafikk. Det er stilt krav til entreprenør om at det skal vere fartøy som skal halde vakt, og vi oppmodar dei som ferdast på sjøen om å vere merksame og varsame. 

Vi gjer også merksam på at leidninga kan kome i konflikt med teiner og anna fiske-reiskap. Det kan difor vere lurt å ikkje ha ute fastståande fiske-reiskap i dette området akkurat den dagen leidninga skal seinkast. 

For å få slept leidninga på plass er vi avhengig av godt og lagleg vêr, og det kan bli endringar i kva dag det blir slep og seinking dersom det blir mykje vind, bølger eller anna. Dersom leidninga ikkje kan leggast som planlagt, kjem vi tilbake med oppdatert informasjon. Følg med Blå Fjordar si Facebookside og her på heimesida. 

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med byggeleiar Asgeir Aarseth på e-post asgeir.aarseth@afry.com eller telefon +47 952 70 218