Legging av sjøleidning langs ÅsestrandaOPPDATERING: Mandag 12. oktober blir det lagt sjøleidning langs Åsestranda.Kartet viser i kva område sjøleidninga skal leggast. Avstandane som er merka inn er målt inn på kartet som ein del av planlegginga og det kan bli endringar innanfor nokre meter når sjølve legginga kjem i gang.Sjøleidninga er ein del av overføringsnettet til Kongshaugen reinseanlegget.OPPDATERING: Det var tidlegare sagt at planen var legging tirsdag 13. oktober, men vermeldingane utover veka gjer at det vart bestemt legging MANDAG 12. oktober. Leidninga er sveisa saman og har vore lagra på Giørtz-tomta på Sjukenesstranda. Onsdag skal leidninga etter planen slepast gjennom Tjørsundet til området ved Ålesund silostasjon Norcem og vidare til Åse reinseanlegg og før den bli seinka langs Åsestranda. Arbeidet vil påverke båttrafikken i området og i ein kortare periode kan det bli stengt for trafikk. Det er stilt krav til entreprenør om at det skal vere fartøy som skal halde vakt, og vi oppmodar båtførarar og andre som ferdast på sjøen om å vere merksame og varsame. HummarsesongSidan leidninga blir liggande langs land og det er hummarsesong, gjer vi også merksam på at leidninga kan kome i konflikt med teiner og anna fiske-reiskap. Det kan difor vere lurt å ikkje ha ute for eksempel teiner på strekninga langs Åsestranda akkurat den dagen leidninga skal seinkast. For å få slept leidninga på plass er vi avhengig av godt og lagleg vêr, og det kan bli endringar i kva dag det blir slep og seinking dersom det blir mykje vind, bølger eller anna. Dersom leidninga ikkje kan leggast som planlagt, kjem vi tilbake med oppdatert informasjon.Spørsmål? Har du spørsmål, kan du ta kontakt med byggeleiar Asgeir Aarseth på e-post asgeir.aarseth@afry.com eller telefon +47 952 70 218 Sist endra 12.10.2026 10.26