Kløktig betongarbeid i BreivikaMidt i det store prosjektet, så dukkar det også opp spennande småprosjekt som ei støypt slangerenne i intrikat og kløktig betongarbeid - skikkelege feinschmecker-saker!Pumpestasjonen i Breivika ligg først i rekka av pumpestasjonane som skal etablerast i prosjektet Blå fjordar. No er slangerenna her ferdig støypt og eit eksempel på at prosjektet for nytt reinseanlegg har mykje variert arbeid der det også må leverast entreprenørskap med høg nøyaktigheit og kløkt.No i april held vi på med dei siste arbeida på pumpestasjon i Breivika. En del av dette har vore å etablere slangerenne i pumpesumpen. Eit arbeid som absolutt krev høg fagleg kompetanse og entreprenørskap for å løyse.Godt entreprenørskapFor å få rett utforming, vart geometri til renna modellert i 3D, og modell som kunne brukast som grunnlag for å produsere former i isopor vart printa i 1:1-størrelse. Desse vart så brukt i forskalinga. Formene er trekt med duk og møysommeleg sett saman mellom armeringa inne i sumpen, for å skape renna i si heilheit. Formene er så festa i forskalinga og stempla av mot dekke, for å motvirke oppdrift frå betongen. I arbeidet har det også vore viktig å ha betong med riktig resept, for å kunne støype ut renna med rett kvalitet og i samsvar med krava til overflater. Under ser du det endelig produktet. Eit resultat av godt entreprenørskap! Sist endra 21.04.2026 15.45