Juni 2023: IKS for felles reinseanleggVedtak i Sula og Ålesund peiker på interkommunalt selskap som organisasjonsform for reinseanlegget på Kongshaugen. Både Sula og Ålesund kommunestyre har vedteke å organisere det interkommunale samarbeidet for nytt avløpsreinseanlegg som eit interkommunalt selskap.Det nye interkommunale selskapet skal heite Kongshaugen reinseanlegg IKS.Kommunedirektør får fullmakt til å utarbeide selskapsavtale som så skal leggast fram for kommunestyra for endeleg vedtak. I kommunestyremøtet i Ålesund kom det også forslag frå Ålesundlista om konseptvalutgreiing for Kongshaugen. Det forslaget vart nedstemt. Sakspapira til Ålesund finn du her, på side 110 og utover. Vedtaket i Ålesund finn du her, på side 31.Sakspapira for Sula med vedtak finn du her. Sist endra 15.07.2024 08.10