
Oppdatering tirsdag 2. desember:
Den lengste leidninga og den som i størst grad vil påverke båttrafikken i området er no lagt.
Då står det til saman tre leidningar igjen. Desse skal etter planen leggast i første veka i desember og på grunn av ver og vermeldingar, ser det ut til at det blir onsdag, fredag og laurdag.
Då skal ein først legge ei lengre leidning frå Kongshaugstranda og utover mot Storfjorden. Planen for slep og legging er at ein startar slep om onsdag morgon før det blir posisjonering og legging utover ettermiddag og kveld. Det vil ta noko tid å få leidninga gjennom Vegsundet, men denne lange leidninga skal halde fram i same lengderetning som slep gjennom sundet og vil dermed berre i avgrensa grad påverke båttrafikken i Vegsundvågen.
Det skal også leggast vassleidning over Vegsundvågen. Denne leidninga blir slept frå Sjukenesstranda som dei andre leidningane før den skal leggast tvers over vågen frå Myrland-sida og til Kongshaugstranda. Leidninga vil styrke vassforsyninga til Sula på fleire vis. Leidninga vil gi meir vatn til Sula og auka sikkerheit for mellom anna nok vatn til brannsløkking. I tillegg sørger leidninga for at Sula får to vegar for vatn inn til kommunen og har dermed back-up dersom noko skulle skje med den eine leidninga.
Den siste leidninga er berre ei kort leidning som skal ut frå Kongshaugstranda. Det er venta at det berre vil ta ei kort stund å slepe denne gjennom sundet, og etter planen kan iallfall mindre båtar passere samtidig som slepet pågår.
Dette arbeidet er, som det alt har vist seg, avhengig av godt og lagleg vêr, og det kan bli endringar dersom det blir mykje vind, bølger eller anna.
Tidspunkt blir oppdatert her på heimesida og på Facebook-sida til Blå fjordar.
Har du spørsmål om stenginga og tidspunkt, kan du ringe byggeleiar på tlf 94 87 66 41.
Båttrafikken og legging av leidningar i sjø
Sjøleidninga blir slept sjøvegen frå området ved Giørtz-tomta på Sjukenesstranda til Vegsundvågen.
Når desse rørlengdene skal leggast ut og seinkast, vil det påverke båttrafikken i området. Sjøleidningane blir merka med flagg og lampar som lyser når det er mørkt. Det er stilt krav til entreprenør om at det skal vere fartøy som skal halde vakt, og vi oppmodar båtførarar og andre som ferdast på sjøen om å vere merksame og varsame.
Leidninga skal ligge på botnen og det skal ikkje gravast i sjøbotnen i samband med legging av sjøleidninga gjennom naturreservatet.
Eit avgrensa areal på botnen
Det er gitt dispensasjon frå Statsforvaltaren til legging av sjøleidning i Vegsundholmane – Veibustholmen naturreservat.
I dispensasjonen seier Statsforvaltaren at tiltaket ikkje strir i mot verneformålet og ikkje påverkar verneverdiane nemneverdig. Dei viktigaste verdiane for biologisk mangfald er ikkje knytte til sjøbotnen og leidninga vil berøre eit avgrensa areal på botnen. Gjennomføring av tiltaket skjer over kort tid, og slik det er skildra i søknaden, utan vesentlege negative verknader knytt til opproting av sediment. Traseen ligg i god avstand (100-150 meter) frå næraste hekkeholme.