IKS for felles reinseanlegg

Vedtak i Sula og Ålesund peiker på interkommunalt selskap som organisasjonsform for reinseanlegget på Kongshaugen. 

Dronefoto av Kongshaugstranda og natur - Klikk for stort bilete

Både Sula og Ålesund kommunestyre har vedteke å organisere det interkommunale samarbeidet for nytt avløpsreinseanlegg som eit interkommunalt selskap.

Det nye interkommunale selskapet skal heite Kongshaugen reinseanlegg IKS.

Kommunedirektør får fullmakt til å utarbeide selskapsavtale som så skal leggast fram for kommunestyra for endeleg vedtak. 

I kommunestyremøtet i Ålesund kom det også forslag frå Ålesundlista om konseptvalutgreiing for Kongshaugen. Det forslaget vart nedstemt. 

Sakspapira til Ålesund finn du her, på side 110 og utover. 

Vedtaket i Ålesund finn du her, på side 31.

Sakspapira for Sula med vedtak finn du her.