Gjer klart for slep av neste sjøleidning

OPPDATERING mandag 19. januar: I dag er vi i gang med slep og legging av sjøleidninga som skal gå mellom Kongshaugen og Sunde. 

Mandag 19. januar er vi i gang med slep av sjøleidninga som skal gå mellom Kongshaugen og Sunde. 

Vi beklagar stadig endringar, men det er ei heil rekke forhold som må klaffe og vere på plass for å få gjort dette arbeidet. 

Det er planlagt slep og legging av ei sjøleidning til i løpet av januar. Vi kjem tilbake med meir detaljert informasjon om planane straks vi veit noko. Mest truleg vert dette mot slutten av januar og rådet dersom du skal ut i båt i dette området, er det lurt å sjekke oppdatert informasjon anten her på sida eller på Facebook-sida til Blå fjordar.

Kongshaugen - Sunde

Leidninga som blir slept og lagt i dag mandag 19. januar er ei av dei lengre sjøleidningane ut frå Kongshaugen, og skal gå mellom reinseanlegget på Kongshaugstranda og den planlagde pumpestasjonen på Sunde.  

Kart med linje for sjøleidninga mellom KRA og Sunde - Klikk for stort bilete

Leidninga blir slept frå Sjukenesstranda før den skal leggast ut frå Kongshaugen, rundt Kvasneset på innsida av Flisnesholmen og ut til Sunde. Slepet startar om morgonen/på føremiddag og vil stenge Vegsundet for båttrafikk under slepet gjennom sundet. 

Dette arbeidet er avhengig av godt og lagleg vêr, og det kan bli endringar i tidspunkt dersom det blir mykje vind, bølger eller anna.  

Tidspunkt blir oppdatert her på heimesida og på Facebook-sida til Blå fjordar straks vi får ny informasjon frå entreprenør som utfører arbeidet.

Har du spørsmål om stenging av Vegsundet og tidspunkt, kan du ringe byggeleiar på tlf 94 87 66 41.  

Båttrafikken og legging av leidningar i sjø  

Sjøleidninga blir altså slept sjøvegen frå området ved Giørtz-tomta på Sjukenesstranda til Vegsundvågen og vidare til Sunde.  

Akkurat når leidninga passerer det smalaste Vegsundet, må det sundet stengast for trafikk. 

Sjøleidninga blir merka med flagg og lampar som lyser når det er mørkt. Det er stilt krav til entreprenør om at det skal vere fartøy som skal halde vakt, og vi oppmodar båtførarar og andre som ferdast på sjøen om å vere merksame og varsame.

Leidninga skal ligge på botnen og det skal ikkje gravast i sjøbotnen i samband med legging av sjøleidninga gjennom naturreservatet.

Neste leidning i slutten av januar

Etter at denne leidninga har kome på plass, står sjøleidninga mellom Kongshaugen og Hamnevika for tur. Det arbeidet blir ikkje før fram mot slutten av januar. Vi kjem tilbake med ny og oppdatert informasjon etterkvart som det nærmar seg. 

Slep av sjøleidning gjennom sund med småbåtar som hjelper til - Klikk for stort bilete
slep av sjøleidning gjennom sund med båtar som hjelper til - Klikk for stort bilete
slep av sjøleidning gjennom sund med båtar som hjelper til - Klikk for stort bilete
Slep av sjøleidning gjennom sund med småbåtar som hjelper til - Klikk for stort bilete
Slep av sjøleidning gjennom sund med småbåtar som hjelper til - Klikk for stort bilete
Slep av sjøleidning gjennom sund med småbåtar som hjelper til - Klikk for stort bilete