Framtidas løysing for både menneske og miljø

KRONIKK MARS 2021: Både Borgundfjordtorsken og Statsforvaltaren vil ha reinare fjordar rundt Sula og Ålesund. Og det kan ikkje utsettast stort lenger. Spørsmålet er korleis vi skal gjere det?

Sula kommune og Ålesund kommune samarbeider om prosjektet «BLÅ – fjordar for framtida» som greier ut ei løysing for avløpsvatn i kommunane.  Bakgrunnen er at både naturen rundt oss og styresmaktene i stadig sterkare grad seier at vi ikkje kan halde fram som før.

Sula kommune og Ålesund kommune lever på lånt tid når det gjeld løysingar for avløpsvatn. Sula har ikkje lenger godkjent utsleppsløyve for avløpsvatn for tettbygde område, og må gjere noko.  I Ålesund er det anlegg som ikkje har greidd å innfri reinsekrava og det kjem truleg krav om omfattande tiltak for å rette på det. Hvis Ålesund ikkje sørger for å innfri krava, kan Statsforvaltaren svare med bøter og byggestans. 

Berekraft

Men ei skikkeleg løysing for handtering av avløpsvatn handlar om meir enn å innfri krava i lover og forskrifter. Det handlar om berekraft, levande fjordar og korleis det skal vere både for menneske og miljø i framtida. Sula og Ålesund er saman med Giske ein del av FNs arbeidsplan fram mot 2030. Kommunane har spesielt forplikta seg til å arbeide for FNs berekraftsmål 14 om livet under vatn og mellom anna forhindre og i stor grad redusere alle former for havforureining, særleg frå landbasert verksemd. Reinare avløpsvatn frå innbyggarane i Sula og Ålesund vil vere eit avgjerande steg for å nå denne målsetninga i regionen. 

Reinare avløpsvatn vil også vere godt nytt for blant anna Borgundfjordtorsken, den sunnmørske stoltheita som kjem kvart år for å gyte nærast midt i bysentrum av Ålesund.

Borgundfjorden og Mørekysten er eit av dei to viktigaste gytefelta for torsk i norsk farvatn. Og no er Borgundfjorden i ferd med å få nok. Vasskvaliteten i fjorden er ikkje lenger god, og avløpsvatn frå ei rekkje kloakkanlegg med berre primærreinsing må ta sin del del av skulda for det.

Treng meir kunnskap

Når «BLÅ – fjordar for framtida» no greier ut korleis vi skal få reine og levande fjordar både for Borgundfjordtorsken og innbyggarane, kan ikkje vi synse. Vi saumfer prosjektet med lupe i jakta på kunnskap som kan gi innbyggarar og politikarar eit godt kunnskapsgrunnlag når dei skal bestemme seg.

Vi skal skaffe kunnskap og dokumentasjon på ei lang, rekke område. Ein del er knytt til det tekniske anlegget, korleis det skal vere og kva det skal gjere. Det vert også utarbeidd ei eiga sikkerheits- og sårbarheitsanalyse for sjølve anlegget. Det skal vere trygt for dei som arbeider på anlegget og for dei som bur og ferdast rundt anlegget.

I tillegg vert det laga  reguleringsplan for Kvasnes. Det er eit omfattande arbeid med kartlegging av konsekvensar for landskapet, for landbruk og naturressursar, for friluftsinteresser, barn og unge, teknisk infrastruktur og med risiko- og sårbarheitsanalyse for å vurdere faren for ulykker. Det vert også undersøkt luft- og luktproblematikk, konsekvensar for sjøen både i anleggsfase og drift, støyvurderingar, trafikkforhold og trafikksikkerheit både i anleggsfase og drift, grunnforhold og skredfare, kulturarv, naturmangfald på land og sjø og samfunnsverknader; kva mulegheiter og problem eit anlegg kan gi for området. Kartleggingane blir gjort etter offentlege kvalitetskrav og med metodikk som er utarbeidd av Miljødirektoratet.

Heilheit

Når alle rapportane frå undersøkingane og forprosjektet for anlegget er ferdige, kan vi vurdere dei samla konsekvensane.  Eit nytt anlegg må innfri både når det gjeld miljø, teknologi og økonomi.  Altså må vi ha på plass kunnskap – og kunnskap om alle områda – før ein kan seie noko om kor bra eller dårleg dette blir.

Det vi likevel kan seie, er at prosjektet verken er sett i gang eller arbeider ut frå tilfeldigheiter. Det er fleire ting som gjer at vi no ser på eit stort anlegg, at det er eit sekundærreinseanlegg og at det er i området på Kvasneset.

Kvifor eitt anlegg?

Erfaringer frå slike anlegg andre stader i Norge viser at eitt stort anlegg ofte har betre reinsing til lavare totalpris enn om ein skal ha mange små anlegg. Dette gjeld  både investering og drift. Det nye anlegget blir planlagt med  parallelle linjer, reserveløysingar i dei ulike einingane på anlegget og omfattande driftsovervaking. Det skal sikre at vi får nok  reinsekapasitet ved vedlikehald og uventa avbrot i drifta.

Kvifor sekundærreinseanlegg?

Primærreinseanlegg har vore ein dispensasjon, særleg langs kysten, og styresmaktene strammar no inn.    Med sekundærreinseanlegg vil Sula og Ålesund også kutte mykje av forureininga til  fjordane rundt oss.   Reinsegrada for organisk stoff aukar frå under 50 prosent slik det er i i fleire av anlegga vi har i dag, til erfaringsmessig 80 til 90 prosent. Med eit meir avansert og moderne anlegg vil ein også i større grad frå fjerna legemiddelrestar, diverse organiske miljøgifter, mikroplast, bakteriar og virus enn det ein gjer i dag.

Reinseprosessen som er vald for miljøanlegget på Kvasnes er det same som fleire andre stader i Norge som Bergen, Kristiansand, Tønsberg og Hamar, der reinsa avløpsvatn vert sleppt ut både i sjøvatn og ferskvatn, også Mjøsa. 

Kva skjer no?

Vi i prosjektet med god hjelp frå fagfolk både innan tekniske løysingar og konsekvensutgreiing jobbar no for å  skaffe kunnskap om miljøanlegget og gi politikarane eit godt beslutningsgrunnlag slik at innbyggarane i Sula og Ålesund får ei løysing til det beste for menneske og miljø.

 

Elin Nerem

Prosjektleiar, «BLÅ – fjordar for framtida»

Arve Olav Bang,

Verksemdsleiar Vatn og Avløp, Ålesund kommune

Jørn Agersborg,

Kommunalsjef teknisk sektor, Sula kommune

(På trykk i Sunnmørsposten 17. mars 2021)