Endra køyremønster og lysregulering ved Kongshaugen reinseanlegg

No skal rørleidningane fram til Kongshaugen reinseanlegg leggast. Då må vegen ved reinseanlegget gravast av og det blir lysregulering og endringar for trafikken. 

Arbeidet med bygginga av reinseanlegget går framover, og prosjektet skal no i gang med å kople reinseanlegget saman med overføringsleidningane frå dei ulike pumpestasjonane i Sula og Ålesund. 

illustrasjon med rør under bakken - Klikk for stort bilete

Overføringsleidningane må førast gjennom vegen og i samband med det må vi grave ei grøft gjennom vegen for røra.  

Tidsperiode

Vi startar arbeidet i midten av april og planlegg at veg og fortau skal vere ferdig asfaltert og open for tovegstrafikk igjen mot slutten av mai.  

Store rør og stor grøft

Grøfta som er om lag åtte meter brei og med varierande djupne under veg. I tillegg til fleire mindre drens- og pumpeleidningar skal vi også inn med rør med dimensjoner på 710 mm og 800 mm. Dette er store og tunge rør som gjer at vi også treng litt arbeidsrom på kvar side av grøfta. 

Medan vi arbeider med grøfta og rørlegginga må vi stenge delar av vegen. Vi vil jobbe først frå sjøsida og deretter innover mot tunnelopningane. Det er likevel ikkje nok plass på området til at vi kan lage midlertidig passering med to køyrefelt. Difor blir det dessverre berre eitt køyrefelt og vi må ha lysregulering, for å sikre trafikkflyten.

Vi beklager ulempene dette gir og takkar for tålmodet.  

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med byggeleiar Erlend Aune
T: +47 41 66 11 63
erlend.aune@afry.com