Diesel-lekkasje ved Vegsundbrua

I samband med borearbeid gjennom Stafsetneset, var det i dag, mandag 22. juni,  eit uhell med diesel-lekkasje under Vegsundbrua.

Det er med det vi kjenner til no snakk om rundt 200 liter diesel som har rent ut av ein tank. Årsaka er feil på ei kopling.  

Dette skjedde nede i ei boregrop av fjell og har ikkje rent vidare gjennom natur og ut i sjø. For sikkerheits skuld er det likevel lagt ut oljelense i området.

Dieselen er pumpa opp og vi arbeider no med å fjerne lausmassane i boregropa. Det er forventa at dette arbeidet vil vere ferdig torsdag.  

Arbeidet som er gjort er gjort i dialog med Brannvesenet og andre fagmiljø. 

Uhellet vert følgd opp og gjennomgått med entreprenør for å redusere risiko for at det kan skje igjen.

I samband med uhellet har det vore lukt av diesel i området. Når diesel og forureina massar er fjerna, er det venta at det vert mindre lukt forholdsvis raskt.