Illustrasjon som i hovudtrekk viser kvar leidninga skal vere og kvar det skal arbeidast.Arbeid under Vegsundbrua med boregropar og klargjering for boring for avløpsleidning gjennom Stafsethneset starta på seinvinteren. No i midten av mars er det tid for å lage til boregrop/"mottaksgrop" ytterst på Stafsethneset.
Arbeidet har planlagt start onsdag 18. mars. Frå mandag 26. mars kan det bli mindre sprengingsarbeid.
Vil du ha sms-varsel i forkant av sprengingane, kan du sende meldinga "varsel for Stafsethneset" eller “varsel for Vegsundet” til nummer 986 23 034
Leidninga er ein del av overføringsnettet til Kongshaugen reinseanlegg som skal reinse avløpsvatnet frå om lag 50.000 innbyggarar/66.000 pe i Ålesund og Sula.
For å legge leidninga over Stafsethneset på mest mogleg skånsam måte skal denne gå gjennom “mini-tunnel” som blir bora i fjellet under husa. Slik tek vi vare på både naboar og natur, som den gamle alleen som går over neset.
Arbeid frå to sider

Boregrop under Vegsundbrua er ferdig.
No startar arbeidet ytterst på Stafsethneset.
I tillegg til boregrop/mottaksgrop Stafsethneset skal det også skal lagast midlertidig anleggsveg fram til ventilkum som skal byggast seinare i år. Etter arbeidet her er ferdig, så er det berre kumloka som skal stå synleg igjen.
Terrenget både her og ved boregropa ved Vegsundbrua skal tilbakeførast til slik det var før arbeidet starta.
Boring
Boring er ei godt utprøvd metode og grunnundersøkingene på Stafsetneset har vist at grunnforholda er gunstige for denne løysinga. Boringa skjer et godt stykke ned i bakken, i trygg avstand frå husa over.
Erfaringar frå andre prosjekt tilseier at folk ikkje vil merke verken plagsom lyd eller vibrasjon frå sjølve boringa under husa og det blir ikkje avgrensingar for normal utnytting av tomtene i framtiden
Har du spørsmål?
Det vil blir oppdatert informasjon her på www.blafjordar.no og på Blå fjordar si Facebook-side, og sjå gjerne også på denne heimesida under praktisk informasjon til naboar til overføringsleidningar.
Er det noko du lurer på eller vil seie i frå om, kan du også ta kontakt med byggeleiar Trygve Wigestrand Årsvold
e-post: trygve.wigestrand.arsvold@alesund.kommune.no
telefon: 94 87 66 41
Det har vorte delt ut slike lappar i postkassa til dei næraste naboane i området der arbeidet skal pågå: