Det har vore utfordrande og vanskeleg med trafikken på Kongshaugstranda i haust. No er det siste innspurt for å få vegen ferdig. Det betyr ein annan type arbeid og mellom anna bruk av manuell trafikkdirigering i arbeidstida.
Første veka
Fredag 29. november kom høvelen og vil starte arbeidet med klargjering til asfaltering. I denne perioden vert det trafikklys i kombinasjon med hjelpearbeidarar som dirigerer trafikken og noko ventetid i arbeidstida, inntil 15 minutt.
Planen er vidare at første lag med asfalt skal leggast på vegen i løpet av torsdag og fredag 5. og 6. desember. Då blir det asfaltert på ei side av vegen om gangen slik at det kan køyrast på motsett side, men det vil bli noko venting for dei køyrande desse dagane. Ein ser føre seg å få på plass begge køyrefelta fram til tomta for administrasjonstomta og eitt eller to felt frå tomta til krysset ved riggplassen. Dei gåande kan bruke det foreløpige fortauet medan arbeidet med vegen pågår.
Fortau andre veka
I veka som startar med mandag 9. desember skal ein glidestøype fortauskanten. Dette arbeidet vil truleg ta tre, fire dagar. Maskinen bruker eit køyrefelt, men berre i eit avgrensa område slik at trafikken kan passere med bruk av vanlege vikepliktreglar som om det sto ein bil parkert i vegkanten. Det midlertidige fortauet kan også brukast medan fortauskanten blir støypt.
Når fortauskanten er ferdig, skal fortauet avrettast. Det vil ta tre, fire dagar. Medan arbeidet pågår, vil det igjen kunne bli aktuelt med hjelpearbeidar for å dirigere trafikken. Der maskinane jobbar med fortauet kan ikkje fortauet brukast. Det vil blir gjort nødvendig omlegging av gangtrafikken.
Ny runde med asfalt i siste veka før jul
I siste veka før jul er det planlagt å legge asfalt på fortauet og andre lag asfalt på vegen. Under asfalteringa vil det igjen kunne bli noko venting og det er tenkt manuell dirigering av trafikken. Ein dag eller to medan asfaltering av fortauet pågår må vi be folk vurdere om det er nødvendig å bruke fortauet og vegen, slik at vi får så lite trafikk av gåande som råd.
Vi ber også folk i nabolaget på Kongshaugstranda vurdere om det kan vere betre for dei å køyre Kvasnesvegen i dagane fram til og under asfalteringsarbeidet første veka i desember.
Ved inngangen til desember er dette planen for entreprenøren. Uforutsette ting kan skje, og for eksempel mykje snø vil gjere det vanskeleg å halde tidsplanen.
Vi vil oppdatere denne informasjonen etterkvart som arbeidet går framover.