Reinseanlegget på Kongshaugen og overføringsanlegget er planlagt med ei lang rekke tiltak for å unngå overløp og avløpsvatn på avvege.
For at anlegget må ta i bruk nødutsleppsleidninga til Vågane, må det vere ekstreme vassmengder inn til anlegget i kombinasjon med ekstrem stormflo (20-årsintervall). Og, sjølv med ei slik worst case-hending er det berre ein liten del av utsleppet som går gjennom nødutsleppsleidninga.
Dobling og back-up for å unngå overløp
Anlegget er dimensjonert med høg kapasitet og dobling av teknisk utstyr slik at det ved normalt vedlikehaldsarbeid ikkje skal gå vatn i overløp. I tillegg vert sjølve anlegget kontinuerleg overvaka både ved tilsette på plassen og det er nivåvakt på alle overløp som sender alarm til vakta. Ein kan i tillegg styre kor mykje vatn som skal inn i anlegget gjennom å bruke dei ulike pumpestasjonane på overføringsnettet som «buffer» og til fordeling av vassmengder.
Overløp til Storfjorden
I sjølve reinseanlegget er det fleire overløp.
Når avløpsvatnet kjem inn til anlegget, er første steg grovrister. Dersom det skulle skje ein feil her slik at lukene blir stengt eller ristene blir tette (for eksempel ved straumbrot), vil avløpsvatnet gå ureinsa ut i overløpsleidninga inne i anlegget. Det ureinsa vatnet endar då i ein samlekum saman med reinsa vatn før det går vidare gjennom utsleppsleidninga til 60 meters djup i Storfjorden. Planlagt avstand frå land var om lag 280 meter. No vert det endra etter krava i utsleppsløyvet til 300-350 meter.
For å sikre at det ved ein langvarig straumstans ikkje skal bli utslepp av ureinsa avløpsvatn over lengre tid, er anlegget klargjort for nødstraumsaggregat ved grovristene.
Det kan i tillegg kome overløp frå andre steg i reinseanlegget. Også desse overløpa sender avløpsvatnet til hovudleidninga til Storfjorden.
Nødutsleppsvatnet
Til slutt i den vanlege reinseprosessen samlar det reinsa avløpsvatnet seg i ein utløpskum. Vatnet i utløpskummen er reinsa vatn, men kan få innblanding av vatnet frå overløpet og som har vore gjennom færre reinsetrinn.
20-årsintervall
Kapasiteten på vatn inn og ut frå anlegget er tilpassa kvarandre og hovudleidninga har kapasitet til nesten alle tilfelle av worst case-tilførsel av vatn. Men, med heilt ekstremt store vassmengder til reinseanlegget saman med ekstrem stormflo (20 års gjentakingsintervall) kan kapasiteten på hovudleidninga til Storfjorden bli for liten. Eit tiltak då er å minke vassmengda til anlegget gjennom «bufferen» i pumpestasjonar på overføringsnettet.
Om tilførselen av vatn likevel blir for stor, vil utsleppskummen renne over og då må nødutsleppsleidninga takast i bruk til til det som renn over. Mesteparten av det reinsa vatnet vil fortsatt gå i hovudleidninga til Storfjorden på 60 meters djup.
Nødutsleppet går til 20 meters djup og minst 140 meter frå land i tråd med krav i utsleppsløyvet .
ORDLISTE
- Overløp – overløp i anlegget som blir ført gjennom overløpsleidninga og vidare til utsleppsleidninga til 60 m djup. Det vi være svært sjeldan at avløpsvatn går i overløp.
- Overløpsleidning – leidning i anlegget som samlar overløp i anlegget og leier dette til utsleppskummen før avløpsvatnet går vidare til utslepp på 60 meters djupne i Storfjorden.
- Utsleppskum – der reinsa avløpsvatn som har gått gjennom reinseanlegget blir samla, eventuelt saman med avløpsvatn frå overløpsleidninga.
- Nødutsleppsleidning – leidning frå utsleppskummen til 20 meters djup. I bruk kun ved ekstreme vassmengder og ekstrem stormflo (20 års gjentakingsintervall).
- Nivåvakt – ein elektronisk givar som sender signal til driftskontrollanlegget om at nivået er så høgt at vatn går i overløp. Driftskontrollanlegget sender ut alarm til vakta om overløp slik at ein kan sette i verk tiltak.