Verken Sula eller Ålesund har system for avløpsvatn som innfrir reinsekrava. Både Borgundfjorden og Ellingsøyfjorden er i ferd med å få nok. Livet i og langs fjordane treng opprydding og avløpsreinsinga treng ei oppgradering, også for å innfri dei venta EU-krava.
Statsforvaltaren seier at inntil det er ordna, er det byggestopp i fleire område.
Det hindrar byggeaktivitet og samfunnsutvikling sidan verken privatpersonar, næringsliv eller kommunane kan gjennomføre byggeprosjekt.
I 2016 bestemte politikarane i Ålesund at dei ville vere med å greie ut eit felles anlegg med Sula. Kommunane vil ha ei framtidsretta og berekraftig løysing både når det gjeld det tekniske, økonomiske og miljømessige.
Byggestart for prosjektet vart markert 15. mai 2024.
Anlegget er for 49.000 innbyggarar, kan reinse avløpsvatn frå 69.000 personekvivalentar og skal vere i drift i 2028.
BLÅ fjordar
"BLÅ - fjordar for framtida" er namnet på den felles løysinga med administrasjonsbygg, reinseanlegg og overføringsleidningar. Konsekvensutgreiing, forprosjekt, delrapportar og politiske saker for alt dette finn du her.
Denne nettsida skal gjere det lett for innbyggarar og politikarar å finne informasjon og halde seg orienterte om prosjektet.
Livet under vatn
Sula og Ålesund er saman med Giske ein del av FNs arbeidsplan fram mot 2030. Kommunane har spesielt forplikta seg til å arbeide for FNs berekraftsmål 14 om livet under vatn. Punkt 14.1. viser til at ein innan 2025 skal forhindre og i stor grad redusere alle former for havforureining, særleg frå landbasert verksemd, herunder forureining som kjem frå marin forsøpling og næringsstoff. Reinare avløpsvatn frå innbyggarane i Sula og Ålesund vil vere eit avgjerande steg for å nå denne målsetninga i regionen.
Nytt miljøanlegg for Sula og Ålesund vil vere med på å innfri fleire av FNs berekraftsmål.