Hausten 2024 godkjente EU sitt reviderte avløpsdirektiv. Direktivet skal inn i EØS-avtalen og det vil difor fortsatt ta tid før det trer i kraft i Norge, men når det kjem vil det gi store endringar for handtering av avløp i Norge.
I dag vert områda frå Lindesnes til Kirkenes kalla “mindre sårbare område” og mange avløpsreinseanlegg har difor fått dispensasjon frå kravet om sekundærreinsing. Dette vert det slutt på.
I framtida skal avløpsreinseanlegg i tett busetnad med utslepp på meir enn 1000 pe (personekvivalentar) ha sekundærreinsing. Det betyr fjerning av organisk stoff med
- minst 70 prosent BOF5 (organisk materiale som er lett biologisk nedbryt) og
- minst 75 prosent KOF (kjemisk oksygenforbruk, eit mål for mengde organisk materiale som er tyngre nedbrytbart, men kjemisk nedbrytbart, organisk stoff i vatn)
Erfaringsmessig har anlegg som det på Kongshaugstranda 80-90 prosent reinsing av organisk stoff. Det skjer gjennom denne reinseprosessen:
Tertiærreinsing
Det nye EU-direktivet set krav om tertiærreinsing, fjerning av fosfor og nitrogen, i nedslagsfeltet til Oslofjorden, stader med eutrofiering (tilgroing) og for anlegg over 150.000 pe.
Det er ikkje gitt signal som tilseier at dette kravet vil kome så langt fram ein kan sjå, for anlegg som Kongshaugen reinseanlegg med ein resipient som Storfjorden.
Slik dagens teknologi er for nitrogenfjerning, vil ein treng meir plass for å legge til dette reinsetrinnet på Kongshaugstranda.
Teknologi for fosforfjerning blir ein del av Kongshaugen reinseanlegg.
Det nye EU-direktivet har ikkje krav om fjerning av medisinrestar, mikroplast mm til anlegg for anlegg på størrelse med Kongshaugen. Dersom det kjem slike krav, kan det leggast til ekstra reinsetrinn for dette i anlegget.