Juni 2023: Er det vedteke?Kommunestyra i Ålesund og Sula har i fleire steg vedteke prosjektet BLÅ fjordar med administrasjonsbygg, reinseanlegg i berg og overføringsnett. Dette er nokre politiske vedtak: 2016: Ja til å greie ut felles reinseanlegget (på Sunde) 2018: Ja til å gå vidare med felles anlegg og berghall på Kvasnes 2021: Ja til forprosjektering 2021: Ja til forprosjektet og vidare samarbeid om detaljprosjektering Kommunestyret godkjenner forprosjektet slik det er framlagt, og vedtek at ein går vidare med detaljprosjektering av eit felles avløpsreinseanlegg i fjell på Kvasnes. Kommunedirektøren jobbar vidare med utgreiing av eigarskapsmodell/korleis samarbeidet mellom Ålesund kommune og Sula kommune skal avtalefestast. Prosjektkostnaden (P50) vert vedteke som prosjektet si styringsramme og skal leggast inn i budsjettplan/økonomiplan i samsvar med avtalt fordelingsnøkkel mellom kommunane. I tillegg skal det settast av ei usikkerheitsavsetning på 25 prosent som ikkje kan brukast av prosjektet utan at det vert gjort særskilt vedtak av kommunestyret. 2022: Ja i kommunebudsjett og økonomiplan 2022: Ja til reguleringsplanen. (Sula)Oversikt over dei ulike sakene i både Sula kommune og Ålesund kommune og lenke til sakspapir finn du her. Sist endra 15.07.2024 08.06