Utvidar arbeidstid for tunellarbeidArbeidet med tunellar og berghallar går no over i ein ny fase. Med det følger også endringar i arbeidstida.Fram til no har arbeidet med tunellane vore nær husa i området. For å ta omsyn til naboane har difor arbeidstida til vanleg vore fram til klokka 19:30 om kvelden.No går arbeidet over i ein ny fase. Vi har kome om lag 280 meter inn i fjellet, vi har passert husa over tunellane med god margin og skal om ikkje lenge til med snuplassen for lastebilar og sjølve berghallane. Difor er det nødvendig å utvide arbeidstida fram til klokka 21.30. Det sikrar at ein held framdrifta og legg til rette for at ikkje byggeperioden må utvidast.Utvida arbeidstid startar frå mandag 7. april.Det kan bli litt aktivitet på byggeplassen i påskeveka, men det skal ikkje vere sprengingsarbeid. Sist endra 07.04.2025 09.00