Statsforvaltaren har godkjent reguleringsplan for Åse

Statsforvaltaren har godkjent reguleringsplanen for Borgundfjordvegen 22 - Åse avløpsanlegg i Ålesund kommune. 

illustrasjon sjøkanten med naust og hus - Klikk for stort bilete

 

Statsforvaltaren viser til at ein pumpestasjon her vil med tida overføre avlaupsvatn til det nye reinseanlegget for Ålesund og Sula kommunar på Kongshaugstranda.

Det er Asplan Viak som på oppdrag frå Ålesund kommune har utarbeidd reguleringsplanen. Denne opnar for ein ny pumpestasjon inne på eit friområde aust for dagens reinseanlegg på Åse.

Dagens reinseanlegg skal med tida avviklast, men må vere operativt fram til det nye reinseanlegget på Kongshaugstranda er sett i drift.

I samband med ny regulering av området er det også gjort endringar rundt Borgundfjordstien, på nedsida av dagens anlegg. Dette blir gjort for å kompensere for friarealet som går tapt når den nye pumpestasjonen blir bygd.

Klaga på plassering

I saka på Statsforvaltaren si heimeside heiter det at eigarane av naustrekka som ligg aust for pumpestasjonen klaga på planvedtaket og meinte plasseringa av anlegget fører til mindre sol og forringa bruksverdi for nausta.

Seniorrådgjevar Therese Småland hos Statsforvaltaren seier kommunen har gjort greie for dei ulike alternative plasseringane pumpestasjonen kan ha og kome til at vedtatt plassering er det alternativet som i størst grad dekkjer behova som pumpestasjonen har. 

  • Kommunen konkluderer med at det samfunnsmessig sett er fleire fordelar enn ulemper med planforslaget. Dette er forhold som vi legg stor vekt på i vår sakshandsaming

 

Stor samfunnsinteresse

Statsforvaltaren seier planforslaget legg til rette for eit tiltak med stor samfunnsinteresse. Den nye pumpestasjonen vil bidra til at ein på sikt kan oppfylle nye krav til avløpsreinsing. 

  • Sidan Ålesund kommune per no ikkje tilfredsstiller krava til sekundærreinsing, vil ein manglande utbetring kunne føre til framtidig byggestopp og bøter til kommunen.

 

Statsforvaltaren er einig med kommunen i at samfunnsinteressene for å gjennomføre planen er store og må vege tyngre enn dei ulempene nausteigarane og grunneigaren vert utsett for. 

  • I tillegg til å innfri krav om lovleg reinsing, vil pumpestasjonen bidra til eit reinare fjordsystem. Då kan innbyggjarane nyte friluftsliv i og ved fjorden. Torskebestanden i Borgundfjorden får også betra leveforhold. Planvedtaket er difor stadfesta, avsluttar Småland.

 

Vedtaket frå Statsforvaltaren finn du her. (PDF, 301 kB)