Det vert ferieavvikling for arbeidet med Kongshaugen reinseanlegg i tre veker frå 14. juli.
For entreprenøren som arbeider på Kongshaugen reinseanlegg er det ferieavvikling i vekene 29, 30 og 31. Det er frå mandag 14. juli og i tre veker framover.
Når det gjeld arbeid på overføringsanlegget, er det i hovudsak ferietid i dei same tre vekene, men det kan bli noko arbeid på sjølve leidningsnettet i den siste veka, frå 28. juli til 1. august.
Sist endra 02.07.2025 08.02