Presentasjonar frå informasjonsmøte om sjøleidningarHer finn du presentasjonar og hovudpunkt frå informasjonsmøtet om legging av sjøleidningar i Vegsundvågen.Sjøleidningane ligg lagra utanfor Giørtz-tomta på Sjukenesstranda. Der skal dei rundt 500 meter lange røra sveisast saman før dei bli slepte gjennom Vegsundet til Vegsundvågen. Utover hausten skal det leggast sjøleidningar over Vegsundvågen og ut frå Kongshaugen reinseanlegg. I periodar kjem det til å påverke båttrafikken i området. Dette vart det halde informasjonsmøte om torsdag 11. september. Slep av leidningar, posisjonering og seinking vil i utgangspunktet ta ein dag, men dette er avhengig av verforhold med vind, bølgehøgde osv. Leidningane er merka med flagg og lys. Det blir vaktbåtar i området.Det er fire leidningar som skal leggast i denne omgang. Nødutsleppsleidning. Planlagt utslep og seinking i veke 39. Denne leidninga er 160 meter og sjølve slepet gjennom Vegsundet vil ta rundt 15 minutt.Utsleppsleidning frå Kongshaugen. Planlagt slep og seinking i veke 41. Denne leidininga er 1530 meter og slepet gjennom Vegsundet vil ta nokre timar. Vassleidning Vegsundstranda - Kongshaugen. Denne leidninga er 950 meter lang. Planlagt slep og seinking i veke 43.Sjøleidning Stafsetneset - Kongshaugen. 1410 meter leidning. Planlagt slep og seinking i veke 45. Vi oppmodar nyttetrafikk og nødvendig trafikk på sjøen om å halde oss orientert om rutetider og aktivitet. Kontaktperson er byggeleiar overføringsnett til Kongshaugen reinseanlegg Trygve Wigestrand Årsvolde-post: trygve.wigestrand.arsvold@alesund.kommune.notlf 94 87 66 41Presentasjonen på informasjonsmøtet frå Dykkerteknikk finn du her. (PDF, 960 kB)Presentasjonen frå prosjektet BLÅ fjordar finn du her. (PDF, 356 kB)Arbeid på landArbeid med legging av sjøleidningar vil også medføre arbeid på land der leidningane skal ut i sjø. Det vert gravearbeid og kan bli mindre sprengingsarbeid. Vågen vert beskytta med siltgardin som hindrar spreiing av grumsete vatn.Meir informasjon om heilheita i arbeidet med sjøleidningar i Vegsundvågen finn du her. Sist endra 12.09.2025 07.59