Oppstart detaljprosjektering for avløpsreinseanlegget på Kvasnes

Asplan Viak er tildelt anbodet på detaljprosjektering av avløpsreinseanlegget på Kvasnes, og set no i gang arbeidet som gir den endelege utforminga av reinseanlegget med tilhøyrande overføringssystem.

Med tildeling av anbod kan ein gå i gang med detaljplanlegginga og grundigare utgreiing ut av avløpsreinseanlegg på Kvasnes og overføringsleidningar.

  

 

Prosjektleiar for «Blå – fjordar for framtida», Elin Nerem, seier dette er ein viktig milepæl i prosjektet.

- No får vi gå vidare med detaljplanlegginga og grundigare utgreiing ut frå forprosjektet og slik legge grunnlaget for å kunne gå i gang med bygging.

Etter avslutta anbodskonkurranse vart det våren 2022 klart at det var Asplan Viak Multiconsult som samarbeidspartnar som fekk oppdraget. Kontrakten er på 67 millionar kroner.

Elin Nerem seier begge firma er anerkjente selskap som i tillegg har god bakgrunnskunnskap om anlegget på Kvasnes gjennom tidlegare arbeid for prosjektet.

- Vi får med fleire av dei som har jobba med Kvasneset før, og er glade for at vi dermed sikrar oss god kontinuitet samtidig som vi får med nye folk.

Både anlegg og overføringsleidningar

Detaljprosjekteringa skal ta føre seg både anlegget på Kvasnes og overføringsleidningane. Prosjekteringa skal mellom anna sørge for teknisk underlag og entrepriseunderlag som skal brukast i anbodskonkurranse for leverandørar innan område som tunnel, bygg, VVS og elektro.  

Detaljprosjekteringa vil ta fleire år og delvis pågå samtidig med byggefasen.

«Blå – fjordar for framtida» er eit samarbeid mellom Sula kommune og Ålesund kommune som skal gi kommunane reinare fjordsystem, lovleg system for avløpsvatn og ei berekraftig løysing for framtida. Sommaren 2021 godkjende kommunestyra i både Sula kommune og Ålesund kommune forprosjektet til Kvasnes avløpsreinsanlegg og vidare samarbeid om prosjektet.