For å overføre avløpsvatn frå dei rundt 50.000 innbyggarane (66.000 pe) som skal knytast til Kongshaugen reinseanlegg, skal det til saman leggast rundt 33 kilometer leidning. Over 80 prosent av dette skal gå i sjø. Det er både billegare, enklare og gir lavare Co2-utslepp i tillegg til at ein slepp ulempen ved gravearbeid gjennom tettbygde strøk.
No startar arbeidet med sjøleidningar i Vegsundvågen
OPPDATERT OPPSTARTSDATO: Arbeidet får oppstart i september (i veke 39) og skal pågå fram til over nyttår, for å kome utanom hekke- og gytesesongen og redusere negativ påverknad på naturverdiar. I løyvet heiter det at det ikkje er venta at fuglane i reservatet vil verte vesentleg forstyrra av tiltaka, men at det bør visast aktsemd. Det er også vist til gytefelt for Borgundfjordtorsken og sagt at det så langt det er praktisk mogleg, så bør arbeidet gjerast utanom gyteperioden. Arbeidet i sjøkanten skal skje bak siltgardin for å beskytte ålegraset i området.
Eit avgrensa areal på botnen
Det er gitt dispensasjon frå Statsforvaltaren til legging av sjøleidning i Vegsundholmane – Veibustholmen naturreservat (PDF, 408 kB).
I dispensasjonen seier Statsforvaltaren at tiltaket ikkje strir i mot verneformålet og ikkje påverkar verneverdiane nemneverdig. Dei viktigaste verdiane for biologisk mangfald er ikkje knytte til sjøbotnen og leidninga vil berøre eit avgrensa areal på botnen. Gjennomføring av tiltaket skjer over kort tid, og slik det er skildra i søknaden, utan vesentlege negative verknader knytt til opproting av sediment. Traseen ligg i god avstand (100-150 meter) frå næraste hekkeholme.
Arbeid på land og i sjøkanten

I denne omgang skal det leggast hovudutsleppsleidning og nødutsleppsleidning frå Kongshaugen, i tillegg til to leidningar over Vegsundvågen; avløpsleidning og vassleidning som sikrar vassforsyninga til Sula.
Avløpsleidninga skal går ut frå kommunal tomt like under Vegsundbrua. Avløpsleidninga blir lagt i ein trase og med påkoplingspunkt som gjer det enkelt for Ålesund kommune å fjerne eit av dei største direkteutsleppa i kommunen, som no går ut i fjøra i området der den nye leidninga kjem. Dette arbeidet med å fjerne direkteutsleppet er lagt inn i budsjettet for Vatn og avløp i Ålesund kommune.
Vassleidninga skal ut lenger aust, nær Vegsundstranda. Begge stadene kan det bli mindre sprengingsarbeid og graving i steinmassar, for å gjere klart til å legge leidninga.
Arbeidstid er mellom 7 og 19, mandag til og med laurdag. Det kan skje uforutsette ting som gjer at unntaksvis må arbeide utanom desse tidene.
Krav om siltgardin
Leidninga skal ligge nedgravd i grøft ned til ein meters djupne under lavvatn. Statsforvaltaren har gitt løyve til mudring der leidninga går ut frå land ved Vegsundbrua og lenger aust mot Vegsundstranda (PDF, 7 MB). Eit av vilkåra for løyvet er at det blir lagt ut siltgardiner for å hindre at oppvirvla partiklar av stein og jord blir spreidd utover vågen og til område med ålegras.
Ilandføring av leidningane på Kongshaugstranda er i sjøkanten like nedanfor tomta til administrasjonsbygget og det nye reinseanlegget.
Båttrafikken og legging av leidningar i sjø
Sjøleidninga kjem i lange strekk på opp til over 500 meters lengde og blir slept sjøvegen frå fabrikken i Telemark til mellomlagring ved Giørtz-tomta på Sjukenesstranda.
Når desse rørlengdene skal leggast ut, vil det påverke båttrafikken i området. Sjøleidningane blir merka med flagg og lampar som lyser når det er mørkt. Det er stilt krav til entreprenør om at det skal vere fartøy som skal halde vakt, og vi oppmodar båtførarar og andre som ferdast på sjøen om å vere merksame og varsame.
Leidninga skal bli sveisa saman og få på betonglodd før blir slept til rett posisjon i Vegsundvågen. Sleping, posisjonering og seinking av ei leidning vil bli gjort i ein samanhengande operasjon. Det blir anslått at dette kan gjerast i løpet av ein dag, men for eksempel vêrforholda vil spele ei rolle for kor raskt dette går.
Leidninga skal ligge på botnen og det skal ikkje gravast i sjøbotnen i samband med legging av sjøleidninga gjennom naturreservatet.
Informasjonsmøte på Teams torsdag 11. september kl 18-19
Under arbeidet vil båttrafikken i noko grad bli påverka. Kvar og kor mykje er avhengig av kvar arbeidet skal gjerast og kva type arbeid som skal gjerast.
Vi inviterer båteigarar, dei som ferdast på sjøen og andre interesserte til Teams-møte om arbeidet vi skal gjere. Møtet er torsdag 11. september kl 18-19.
Du kan delta på møtet ved å klikke på knappen under.
Teams-møte om legging av sjøleidningar