Nye freda område på Kvasnes

Arkeologane har gjort mange funn og oppretta ti nye automatisk freda lokalitetar etter undersøkingar på Kvasneset.

I samband med konsekvensutgreiinga for nytt miljøanlegg på Kvasneset vert det gjort ei rekke undersøkingar. Delrapporten for kulturminne var klar våren 2021, og fortel om eit område med omfattande forhistoriske aktivitet.

Det vart gjort arkeologiske registreringar på Kvasnes, Kongshaug og Veibust i 2019 og 2020. Resultatet er at det er påvist ti nye automatisk freda lokalitetar samtidig som tre eksisterande lokalitetar har vorte utvida. Til saman vart det samla inn 1048 funn i tillegg til at det er kartlagt ei rekke strukturar som 39 stolpehol, åtte kokegroper, 12 groper og store område med bevarte dyrkingslag der det nokre stader også er ardspor.

Ny kunnskap

Rapporten frå arkeologane konkluderer med at dei har fått mykje ny kunnskap om fortidige menneske sin bruk av området til ulike tider gjennom forhistoria.

Arkeologane deler området inn i tre soner. Heilt nede ved sjøen ligg ei rekkje monumentale gravrøyser frå bronsealder/jernalder. Litt lenger oppe i terrenget, 10-16 meter over havet, er eit langstrakt belte med busetnads- og aktivitetsområde frå steinalderen. Endå lenger oppover i terrenget finn ein omfattande spor etter busetnad og dyrking frå førromersk jernalder.

Treng endå meir kunnskap

Henning Myrland  i Asplan Viak er oppdragsleiar med ansvar for reguleringsplanen for miljøanlegget på Kvasnes. Det vert no vurdert tre ulike plasseringar av anlegget. Myrland seier den midterste plasseringa ikkje kjem i direkte berøring med noko av funna som no er gjort, men at det alt for tidleg og at ein har for lite samla kunnskap til å konkludere med ei plassering no.

  • Vi må ta med oss kunnskapen frå denne delrapporten saman alle dei andre delrapportane, og bygge eit kunnskapsgrunnlag og eit samla bilde før vi skal vurdere dei ulike alternativa.

Det er no kome resultat frå tre av femten delrapportar som skal utarbeidast i konsekvensutgreiinga.

Sjå heile rapporten her. (PDF, 30 MB)

Sjå vedlegget til rapporten her. (PDF, 24 MB)