Ny rapport om utsleppspunkt ved Kvasnes er klar

Kvasnes er fortsatt aktuell plassering, men ein ny rapport peiker på at ved å strekke utsleppspunktet lenger vestover kan ein få ført utsleppet raskare ut fjorden.

 

 

Då kommunestyra i Ålesund og Sula godkjende forprosjektet til avløpsreinsanlegget på Kvasnes, bestemte dei også at foreslått utsleppspunkt ved Kvasnes skulle vurderast av ein uavhengig institusjon opp mot to alternativ. Målet er at utsleppet skal få minst muleg miljøpåverknad.

Multiconsult var i mai 2022 ferdig med vurderinga av alternative utsleppspunkt. Dei har sett ikkje berre på to, men tre ulike alternativ til Kvasneset; Flisnesholmen, Flisneset og Lahellestranda som ligg om lag 500 meter vest for Kvasneset.

Multiconsult har i tråd med bestillinga frå politikarane ikkje gjort nye målingar eller større modelleringar, men basert undersøkingane på eksisterande straummodellar- og data frå forprosjektet. Samtidig har dei henta meir kunnskap ved hjelp av hydrografimålingar, modelldata av straum og hydrografi frå tilgjengelege modellar i tillegg til at dei har gjort supplerande innlagringsmodelleringar.

Ikkje gjennomslag om sommaren

Leiar for prosjektet Blå fjordar og utbygging av avløpsreinseanlegg for Kvasneset, Elin Nerem, seier konklusjonen for Kvasneset er i store trekk den same frå Multiconsult som det den var frå Rådgivende Biologer.

- Det er vurdert at kapasiteten til ytre Storfjorden er god og ein ventar ikkje at den vert forringa med eit utslepp frå eit nytt reinseanlegg.

Ein kan forvente ein god straum i området ved det planlagde utsleppområdet ved Kvasnes. I tillegg er reinsegrada for utslepp frå eit nytt reinseanlegg høgare enn det ein har no,  og i sum vil den organiske belastninga frå utsleppa minke.

Samtidig er det funne fleire viktige naturtypar i sjø, som hornkorallar og større tareskogforekomstar frå Flisnes til Lahellestranda, og ein kan ikkje utelukke noko påverknad på naturverdiar i sjø ved utsleppsområdet.

Også når det gjeld gjennomslag underbygger resultata frå Multiconsult det Rådgivende Biologer kom fram til; utsleppet vert all hovudsak vert innlagra under overflata på mellom 20 og 40 meters djupne.

Resultata frå simuleringane viser at om ein ser vekk frå straumhastigheit, så vil det kunne oppstå gjennomslag om lag ti prosent av tida i oktober, november, februar og mars. Men, straumhastigheita vil i store delar av tida vere høgare enn det som er lagt til grunn i desse simuleringane, og ein ventar difor at dette er eit øvre estimat og at ein i realiteten vil oppleve gjennomslag sjeldnare.

I dei andre åtte månadene av året månadene vil gjennomslag skje sjeldnare.

- Og same kva variabel og kombinasjon av variablar Multiconsult har brukt, så gir ingen av modelleringane gjennomslag i sommarhalvåret frå juli til og med september og kun ved svært høge utslepp i kombinasjon med lave straumhastigheiter i juni. Dei vurderer dermed risikoen for gjennomslag som liten i desse månadene.

Plassering lenger vest

I tillegg til utsleppspunkt ved Kvasnes peiker Multiconsult på Lahellestranda om lag 500 meter lenger vest som ei aktuell plassering. Kjem ein lenger vestover og utover i fjorden  viser modelldata auka straumhastigheit og meir dominerande straumretning mot vest. Då kan ein få ført utsleppa raskare ut av Storfjorden.

Dei nye undersøkingane til Multiconsult konkluderer med at områda ved Flisnes og Flisnesholmen ikkje er aktuelle som utsleppspunkt.

Leiar for prosjektet Blå fjordar og utbygging av avløpsreinseanlegg for Kvasneset, Elin Nerem  seier dei er glade for at rapporten no er klar, og vil ta resultata av denne med i den vidare planlegginga av anlegget og utsleppsarrangementet. I kva omfang dette vil påverke endeleg utforming og plassering av utsleppspunktet er det for tidleg å seie noko om.

Du kan lese heile rapporten her. (PDF, 6 MB)