Nabolagsmøte med informasjon om fortau og klargjering av tomtTirsdag 7. mai 2024 var det nabolagsmøte i samband med oppstart av arbeidet på Kongshaugen reinseanlegg. Det blir oppstart av arbeidet like etter pinse. Markering av byggestart blir 15. mai klokka 12 på riggområdet ved Rano anlegg.For å informere nabolaget og andre interessentar, vart det halde nabolagsmøte der prosjektleiar i BLÅ fjordar, Terje Endresen, byggeleiar for reinseanlegget, Ola Halkjelsvik, og Christian Otterlei frå entreprenøren, Aurstad Tunnel deltok med informasjon og svarte på spørsmål.Praktisk informasjon i byggeperioden vert her på heimesida under menypunktet “Praktisk informasjon/For deg ved reinseanlegget”. Her finn du også informasjon frå dette møtet om trafikkavvikling, kva tid på dag det skal arbeidast osv.Dei som ønskjer sms-varsling før sprenging, kan melde frå til byggeleiar Ola Halkjelsvik på e-post eller telefon. Sist endra 08.11.2024 08.30