Midlertidig utsleppsløyve til prosessvatn frå berguttak

Sak frå våren 2024: Statsforvaltaren vedtok i april 2024 midlertidig utsleppsløyve til prosessvatn frå berguttak. Merknader kan sendast til Statsforvaltaren innan fire veker frå utsendinga.

Vedtaket gjeld midlertidig utsleppsløyve til prosessvatn ved berguttak i samband med bygging av Kongshaugen reinseanlegg i Sula kommune. 

Vatnet frå anleggsdrifta skal samlast og gå i reinseanlegg før det reinsa vatnet skal sleppast ut i Vågane på om lag 25 meters djup. 

Prosessvatnet samla opp og ført til eit renseanlegg med sedimentasjonsbasseng og eventuelt kjemisk behandling i tillegg til slam- og oljeutskiljar. Vatnet skal reinsast slik at mengda suspendert stoff (faste partiklar i vatnet) ut frå renseanlegget ikkje blir meir enn 0,1 gram per liter eller 1 gram per ti liter vatn.

Statsforvaltaren gir løyve til utslepp av prosessvatn frå berguttak etter fastsette vilkår. Vilkår i løyvet vil bidra til at tiltaket ikkje medfører uakseptabel forureining eller reduserer den biologiske og økologiske funksjonen i resipienten.

På bakgrunn av desse vilkåra seier Statsforvaltaren at dei ikkje finn at tiltaka vil medføre unødig spreiing av partiklar og miljøgifter, eller anna belastning på naturmiljøet, som er uakseptabelt stor i forhold til samfunnsnytten ved tiltaket. 

Vedtaket finn du her. (PDF, 161 kB)

Har du merknader til høyringa, skal du sende det til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no.