Marinarkeologiske undersøkingar utan funnMuseum Vest/Bergens Sjøfartsmuseum er ferdige med marinarkeologiske undersøkingar for nytt reinseanlegg. Det var ikkje gjort funn og museet har ingen andre merknader til tiltaket. Museum Vest/Bergens Sjøfartsmuseum har tidlegare varsla krav om marinarkeologiske undersøkingar for nytt reinseanlegg på Kongshaugen. I perioden 14.-23. juni gjennomførte museet slike undersøkingar med sidesøkande sonar, ROV og overflateforsynt dykking. Dei gjorde ikkje funn som vert omfatta av kulturminnelova og har elles ingen andre merknader til tiltaket. Museet peiker likevel på at det kan ligge kulturminne i dei aktuelle områda og gjer tiltakshavar merksame på at dei pliktar å gi melding til museet og straks stoppa arbeidet dersom ein finn skipsvrak, keramikk eller andre marine kulturminne. Heile sluttbrevet frå Museum Vest til Møre og Romsdal fylkeskommune finn du her. (PDF, 811 kB) Sist endra 29.06.2023 20.47