Legg fram konsekvensutgreiing til vitande

Politikarane i Sula får no opp sak om å ta konsekvensutgreiing og tilleggsrapport om utsleppspunkt til vitande. 

Det er det faste utvalet for plansaker i Sula som skal ha opp saka før sommaren 2022. Kommunedirektøren sitt forslag til vedtak er at utvalet tek konsekvensutgreiinga og tilleggsutgreiinga om utsleppspunkt til vitande og at desse utgreiingane vert lagt til grunn for det vidare arbeidet.

Godt utgangspunkt for vidare utgreiing

Utgreiingane har sett på konsekvensar mellom anna for kulturarv, naturressursar og naturmangfald, grunnforhold og lukt i tillegg til at ein har sett nærare på ulike plasseringar av anlegget.

Overordna styresmakter som Statsforvaltaren, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvegvesen har ikkje kome med motsegn til konsekvensutgreiinga. Dei meiner utgreiinga er eit godt utgangspunkt for vidare planlegging, men har nokre merknader som dei meiner må takast omsyn til i det vidare arbeidet med reguleringa. Desse merknadene vert teke med vidare saman med dei andre merknadene som har kome inn frå interesseorganisasjonar og privatpersonar.

Folkemøte og offentleg høyring til hausten

Konsekvensutgreiinga legg grunnlaget for arbeidet med forslag til reguleringsplan.  Når utkast til reguleringsplan er ferdig, vert den lagt ut til høyring der alle interesserte, uavhengig av om dei bur i Ålesund kommune eller Sula kommune, kan kome med innspel. Det kan bli i løpet av hausten. Det vert også lagt opp til direktemøte med mellom anna grunneigarar framover i tillegg til at det vert planlagt folkemøte til hausten.

Saka skal opp i planutvalet tirsdag 28. juni 2022

Heile saka kan du lese her,