Mai 2023: Kva skjer før og i byggefasen?

Tirsdag 23. mai 2023 var det nabolagsmøte med informasjon til naboane til reinseanlegget. 

Mann som viser powerpointpresentasjon for folk i amfi - Klikk for stort bilete

Med på møtet var Tore Pettersen frå Asplan Viak som er prosjekteringsleiar for administrasjonsbygg og reinseanlegg og Henki Ødegård frå Multiconsult som har prosjekteringsansvar for fjellskjæringar og berghallar.

Rådgivar i Blå fjordar, Elin Nerem var også med i tillegg til Birgitte Valderhaug og Jørn Agersborg f Sula kommune saman med Torill Myren som bidreg med kommunikasjonsarbeid i "Blå fjordar".

Tore Pettersen fortalde mellom anna at:

  • Plassering av administrasjonsbygg og pipe ikkje er endra medan plassering av berganlegget er justert for å unngå svakheitssone i berget i Breidalen. 
  • Byggestart er i januar 2024. Prosjektering for entreprisar pågår for fullt. Førebuande arbeid som fortau og utsprenging av tomta til administrasjonsbygget går ut på tilbod i august, bergarbeid i oktober. 
  • Under arbeidet blir det vanskeleg å kome fram langs Kongshaugstranda. Det blir lysregulering for tungtrafikk og større bilar. Omkøyring via Kvasnesvegen for personbilar. I møta med naboane kom det også fram fleire gode innspel om utfordringar med å bruke Kvasnesvegen. 
  • Auka trafikk inn på Veibustkrysset. Mange ulike løysingar er diskuterte med Vegvesenet, men avbøtande tiltak vil vere å ikkje sleppe anleggstrafikken inn i krysset i rushtida i tillegg til at ein vil "premiere" korte transportlengder eller transport på lekter i anbodskonkurransen.
  • Utgraving av kulturminne. Det skal settast opp gjerde som skal forhindre skade på kulturminne og arkeolog skal vere til stade ved arbeid i nærheita av Kongshaugen, for å sikre at kulturminna ikkje blir øydelagde.
  • Bekjemping av framandartar. Registrering skjer alt i slutten av mai. Sprøyting sommaren 2023. Plante/tre vert fjerna når dei er døde. Massar blir fjerna og deponert på godkjent stad. Ein skal ikkje inn i hagane til folk. 

Henki Ødegård hadde mellom anna desse punkta:

kart som viser anlegg på Kongshaugstranda - Klikk for stort bilete
  • Informasjon om sikring av område og korleis arbeid med tomt og tunellar blir gjort.
  • Bergkvaliteten er svært god med unntak av ei svakheitssone i Breidalen. Berghallen er plassert slik at ein unngår denne sona. 
  • I tunellane blir det typisk 1-2 sprengingar per dag. Sprenging på tomta til administrasjonsbygget vil vare om lag eit sekund medan sprenging i tunellar vil merkast i 5-8 sekund. 
  • Det er om lag 20 meter avstand frå husa i Kvasnesvegen og ned til tunellen. 
  • Sprenging vil merkast godt og det vil klirre i skap. Ein vil merke det mest når arbeidet i tunnelen nærmar seg, og så vil det minke etter at ein har passert. Sprenging blir gjort innan strenge sikkerheitskrav og sjølv om det merkast godt, vil det ikkje vere farleg.
  • Før sprengingsarbeid vert sett i gang blir det tilbod om synfaring på hus, støttemurar og liknande innanfor ein område på om lag 100 meter frå arbeidet. Synfaringa blir gjort av ein tredjepart som ikkje har noko med prosjektet å gjere. Det vert også sett opp vibrasjonsmålar på hus. 

I tillegg vart det fortalt om korleis ein vil informere naboane om det som skjer.

  • Det vil skje her på nettsida www.blafjordar.no i tillegg til Facebook-sida til BLÅ fjordar, eventuelt i tillegg til brev, møte, aviser osv. 
  • Ein vil bruke kommunen sitt varslingssystem på sms. Ver obs på om du har takka nei til å motta sms-ar og dersom nokon ikkje kan opne sms, så sørg for at meldingar blir sendt til nokon som kan opne den. Det kan også skje at du har ein jobbtelefon som er registrert utanfor området. Då får du ikkje sms utan at du gir beskjed om at du vil ha. Du kan melde frå på www.varslemeg.no, eventuelt ta kontakt med servicekontoret i Sula kommune. 
  • Det vil også bli sendt ut nyheitsbrev på e-post. Dersom du vil ha slike nyheitsbrev, så må du gi beskjed på post@blafjordar.no.

Heile presentasjonen som vart halde på møtet finn du her.  (PDF, 8 MB)