Kontrakt på sjøleidningar til Kongshaugen reinseanlegg

Sula kommune og Ålesund kommune har inngått kontrakt om alle leidningane i sjø fram til Kongshaugen reinseanlegg.

stor leidning med betonglodd som ligg i sjøoverflate - Klikk for stort bilete Illustrasjonsfoto

Kontrakten gjeld vel 28 kilometer leidning, betonglodd og arbeidet med å legge leidninga. 

Kontrakten på denne viktige delen av BLÅ fjordar-prosjektet er tildelt Dykkerteknikk AS, eit Akershus-firma med snart 50 års erfaring innan undersjøiske operasjonar som mellom anna legging av rør og kablar.

For å overføre avløpsvatn frå dei rundt 50.000 innbyggarane (66.000 pe) som skal knytast til Kongshaugen reinseanlegg, skal det til saman leggast rundt 33 kilometer leidning. Over 80 prosent av dette skal gå i sjø. Det er både billegare, enklare og gir lavare Co2-utslepp i tillegg til at ein slepp ulempen ved gravearbeid gjennom tettbygde strøk. 

God pris og lavare klimaavtrykk

Røra som skal leggast kan produserast i lengder på over 500 meter. Det gjer at ein får mindre sveisearbeid under legging og færre sveisar på leidninga.

Også denne kontrakten er inngått godt innanfor P50-budsjett og der dei nye miljøkrava i innkjøpsreglementet gir fine kutt i klimaavtrykket frå prosjektet.

Det handlar mellom anna om at røra blir slept sjøvegen frå fabrikken i Stathelle i Telemark med båtar som går på biodiesel. Belastningslodda som blir brukt for at leidninga skal ligge stabilt på sjøbotnen støypt av lavkarbon A betong. Desse blir frakta sjøvegen frå Bergen med båtar som går på LNG. I tillegg blir all nødvendig transport med lastebil gjort av lastebilar som går på biodiesel. 

Oppstart til hausten

Dei første røra som skal leggast er på strekka over Vegsundvågen. Oppstart på arbeidet er planlagt til i haust og skal vere ferdig før hekkesesongen startar våren 2026. Leidninga frå Sunde til Kongshaugstranda og frå Hamnevika til det nye reinseanlegget har ikkje oppstart før i 2027.

kart som viser overføringsnettet - Klikk for stort bilete