Illustrasjon: AsplanViak
Dette er ein av dei større kontraktane for BLÅ fjordar og har i tråd med budsjettet ein kontraktsverdi på vel 400 millionar kroner.
Innfrir reinsekrava
Prosjektleiar for BLÅ fjordar, Terje Endresen, seier kontrakten er eit viktig steg vidare i arbeidet med å få på plass reinseanlegget som skal sikre at avløpsvatn frå rundt 50.000 personar blir reinsa i samsvar med gjeldande og komande krav.
Kontrakten er ein stor del av prosjektet og vi er glade for at det er ein stor entreprenør med erfaring frå liknande prosjekt som skal stå for dette kapittelet i utbygginga av Kongshaugen reinseanlegg.
Ser fram til godt samarbeid
Også Veidekke ved distriktsleiar Stig Mork i Veidekke Bygg Møre og Romsdal ser fram til samarbeidet.
- Vi er veldig godt fornøgde med å ha vunne konkurransen om oppdraget og takkar for tilliten. Det å få bygge viktig infrastruktur som bidreg til reinare fjordar i tett samarbeid med dei to kommunane, er noko vi set svært stor pris på å få gjere.
Administrasjonsbygg og andre bygningsmessige arbeid
Illustrasjon: AsplanViak
Veidekke skal bygge administrasjonsbygget til reinseanlegget med elektroarbeid, luftbehandlingsanlegg, grunn- og utomhusarbeid. Sjølve bygget er over to etasjar på til saman rundt 1000 kvadratmeter. I første etasje er det rom for trafo og elektriske tavler, tekniske rom og garderobeløysingar for dei tilsette på anlegget, med både rein og skita sone. I andre etasje skal det vere kontor, møterom og kontrollrom, kjøken og pauserom.
Den største delen av kontrakten gjeld bygningsmessige arbeid for reinseanlegget i fjellet som boring av ventilasjonssjakter, betongarbeid, vatn- og frostsikring samt andre bygningsmessige arbeid.
Miljø
Terje Endresen fortel at også i denne kontrakten har det i tråd med innkjøpsreglementet vore lagt vekt på miljø når ein har valt leverandør.
- Vi ser at dei nye krava i innkjøpsreglementet gir effekt og for denne kontrakten betyr det mellom anna bruk av lavkarbon A-betong i konstruksjonane og elektriske lastebilar til det meste av massetransporten.
Veidekke skal etter planen starte arbeidet i september i år og vere ferdige i januar 2028.
- «BLÅ fjordar» er eit samarbeid mellom Sula kommune og Ålesund kommune om felles system som sikrar lovleg reinsing av avløpsvatn frå heile Sula kommune og store delar av Ålesund kommune, reinare fjordsystem og ei berekraftig løysing for framtida.
- BLÅ har både reinseanlegg, administrasjonsbygg og overføringsanlegg. Anlegget skal reinse avløpsvatn frå rundt 50.000 personar/66.000 pe.
- Administrasjonsbygget skal ligge på Kongshaugstranda medan reinseanlegget vert bygd i fjellet bak administrasjonsbygget.
- I tillegg skal det byggast 34 kilometer overføringsleidningar med fleire pumpestasjonar og ventilhus.
- Planlagt drift av anlegget er i 2028.