Konsekvensutgreiing for Kvasneset klar til å leggast ut på høyring

Kommunedirektøren i Sula rår planutvalet til å legge konsekvensutgreiinga for Kvasnes ut på høyring. Utgreiinga gir ikkje noko klar tilråding om plassering av anlegget, og seier det er ulemper og fordelar med begge alternativa.

Konsekvensutgreiing kjem ikkje med tilråding til kva for ei av dei to alternative plasseringane på Kvasneset som bør veljast

 Kommunedirektøren vurderer konsekvensutgreiinga som godt utgreidd, og rår til at forslaget vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i minst seks veker. Planutvalet i Sula skal ha opp saka i møte tirsdag 7. desember 2021.

 

Utgreiinga har gått gjennom ei rekkje ulike tema både på sjø og land og både i byggefase og driftsfase. Det sørlegaste alternativet vart teke ut av planforslaget, og er ikkje med i konsekvensutgreiinga. Konklusjonen for dei to alternativa, er at det ikkje er noko stor forskjell om ein vel det midtre alternativet, 2, eller alternativ 3, som ligg nærare Veibustkrysset.

I saksutgreiinga til politikarane heiter det: «Forskjellane i dei to alternativa er vurderte å vere så liten at det ikkje vil vere hensiktsmessig å rangere alternativa. Utgreiinga viser at dei negative påverknadene kan reduserast betydeleg gjennom avbøtande tiltak i området».

Påverknad og konsekvensar

Når det gjeld forureining i sjø, seier konsekvensutgreiinga at begge alternativa har noko positiv konsekvens om ein ser i forhold til å halde fram som no.

For friluftsliv/by- og bygdeliv er ubetydeleg konsekvens og likt for alle alternativ, også nullalternativet (å halde fram som no).

Forskjellen på alternativ 2 og 3 ligg i påverknad på naturressursar der alternativ 2 har noko negativ konsekvens,  det lavaste nivået av negativ konsekvens, medan alternativ 3 har ubetydeleg konsekvens. Årsaka er at med alternativ 2 vil ytterkant av jordbruksareal gå tapt ved utbygging.

Begge alternativa stiller likt med «middels negativ konsekvens» for kulturarv, naturmangfald og samla vurdering. Middels negativ konsekvens er det andre steget av totalt fem som viser negativ konsekvens.

Val av plassering kjem seinare

Teknisk sjef i Sula, Jørn Agersborg, seier det er fordelar og ulemper med begge alternativa.

- Men det er ikkje noko alternativ som peikar seg veldig klart ut, og etter vi har fått innspel frå innbyggarane, må vi vurdere desse nøye, også opp mot konsekvensutgreiinga, og velje eit alternativ for plassering før vi lagar reguleringsplanen.

Når konsekvensutgreiinga vert lagt ut til offentleg ettersyn, så oppmodar Agersborg folk om å kome med sine innspel til konsekvensutgreiinga. Han strekar også under at i ein slik runde så kan alle kome med innspel uavhengig av adresse.

- Sjølv om saka er til politisk behandling i Sula og anlegget er planlagt på Kvasneset i Sula kommune, så er det ikkje berre folk i Sula som kan uttale seg. Det er ope for alle å kome med innspel.

Innspela vert tekne med i det vidare arbeidet fram mot reguleringsplan der ein må lande på val av plassering. Når reguleringsplanen er klar, skal også den ut på offentleg høyring og invitere til at folk igjen får kome med innspel og sagt kva dei meiner.  

Den samla konsekvensutgreiinga finn du her: KU - Samla konsekvensutgreiing (PDF, 25 MB)

Den politiske saka med alle sakspapir kan du lese her.