Våren 2021. Ingen hus berørte av lukt frå miljøanlegg på Kvasnes

Eit område på fem kilometer ut frå Kvasnes er kartlagt for å undersøke lukt frå miljøanlegget. Konklusjonen er at ingen hus vert berørt.

 Norconsult har gjort spreiingsmodelleringar av lukt frå miljøanlegget og våren 2021 kom resultatet av analysane frå området og fem kilometer utover. Dei viser at det ikkje er noko hus som kjem over grenseverdiane i rettleiar til Forureiningslova.

Norconsult har brukt ei lang rekkje meteorologisk data frå eit heilt år, 2017, som representerer eit gjennomsnittsår når det gjeld vindretning og vindstyrke frå åra 2010-2020. Dette er kombinert med data som blandingshøgde, temperatur og terrengdata. Dei har vurdert alle dei tre alternative plasseringane av anlegg og pipe på Kvasnes, og det er analysert pipe med både 15 og 20 meters høgde.

Uavhengig av pipehøgde på 15 eller 20 meter

Resultatet viser at ingen av bustadene får det som heiter luktimmisjon over grenseverdien på 1 ouE/m3. Dette gjeld alle tre plasseringar av reinseanlegget og anten det er utslepps- og pipehøgd på 15 eller 20 meter over bakkenivå.

Luktkonsentrasjon på 1 ouE/m3 er konsentrasjon av lukt der halvparten av folk kan ane at det er lukt medan den andre halvparten ikkje kjenner lukt i det heile. Kravet er også at det skal vere så lite lukt 99 prosent av tida. Resten av tida, ein prosent, utgjer om lag sju timar på ein månad.

I tunnelane i anlegget er det port i begge endar og avtrekk ved indre port slik at det blir undertrykk og luftstraumar som går innover i tunnelen. Asplan Viak som designar anlegget seier difor det ikkje er forventa å vere luktutslepp ved tunnelopningane.

Lukta går vestover mot fjellet

Spreiing av lukt er i stor grad påverka av meteorologi; vindhastigheit, vindretning og så bortetter, i tillegg til terrenget rundt utsleppspunktet. For alle dei tre plasseringane av utsleppspunkt er dei høgast berekna luktkonsentrasjonane vest for utsleppspunktet. Generelt for dei tre punkta viser resultata at dei høgaste konsentrasjonane oppstår i vinterhalvåret. Forskjellane er også store med lite og ned mot null luktavtrykk i sommarmånadene medan desember og februar merkar seg ut som månader med meir lukt.

 

Luktspreiing for punkt B med 20 meters høg pipe i juli (t.v) og februar (t.h.)

 

 

Luktkonsentrasjonane er berekna i ei høgde på 1,5 meter over bakken.

Luktrapporten er ein av femten delrapportar som skal utarbeidast for miljøanlegg på Kvasnes. Desse delrapportane skal gi politikarane best muleg kunnskapgrunnlag for vedtaket politikarane skal gjere. Til no er det lagt fram rapportar om utslepp og straumforhold i fjorden, om biologisk mangfald i havet, om kulturminne – og no også om lukt.

Heile rapporten finn du her (PDF, 8 MB)

Vedlegg (PDF, 8 MB)