Informasjonsmøte for politikarane i Ålesund og Sula

Som del av saksutgreiinga for miljøanlegg på Kvasnes er kommunestyremedlemer i Ålesund og Sula inviterte til å delta på informasjonsmøte via Teams torsdag 20. mai 2021 kl 14.00-15.30.

Då kan politikarane også stille spørsmål til innleiarane. Møtet vert direktesendt via kommunane sine Facebook-sider i tillegg til at møtet vert tatt opp og gjort tilgjengeleg for både politikarar og innbyggarar. Opptak frå møtet vert lagt ut også her på heimesida til "BLÅ - fjordar for framtida"

På programmet står

💧Innleiing om bakgrunnen for saka v/ Astrid Eidsvik, kommunedirektør Ålesund kommune

💧 Informasjon om krav og forutsetningar frå styresmaktene for avløpshandtering i Sula og Ålesund kommunar v/Linda Aaram miljøverndirektør og Gunnhild Liva Austvoll Senioringeniør hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

💧Delrapport om lukt v/ Katrine Bakke og Cecilia Johanna Håkegård, Norconsult

💧Kva har Bergen gjort og kva erfaringar har dei? v/Hogne Hjelle – avdelingsleiar vatn og avløp Bergen kommune

💧Hovudtrekka i forprosjektet, prosjektleiar Elin Nerem

💧Avslutning og informasjon om prosessen vidare v/ Leon Aurdal, kommunedirektør Sula kommune