I gang med arbeid i berghallane

Januar 2026 byr på ein stor milepæl for Kongshaugen reinseanlegg. Bergarbeidet er ferdig og det vidare arbeidet med ny entreprenør er i gang.

berghall med bygningsarbeid - Klikk for stort bilete

Bertelsen & Garpestad Tunnel AS/Volda Maskin AS har avslutta arbeidet med uttak av om lag 150.000 kubikkmeter fjell og sikring av fjell og berghallar. Dette har dei gjort innanfor planlagt tid og budsjett.

Dette arbeidet har gitt store bergrom der bygningsmessige og tekniske fag no skal bygge opp reinseanlegget som skal reinse avløpsvatnet frå om lag 50.000 innbyggarar/66.000 pe i Ålesund og Sula.

Arbeidet som skal gjerast

Veidekke AS i denne omgang starta med bygningsmessige arbeid i berghallar og tunellar. Dette er den største delen av kontrakten deira.  

Veidekke AS skal no mellom anna

  • Kle tunnelroma med tunnelduk, for å sikre eit godt og lyst arbeidsmiljø for framtida og forhindre vassdrypp på tekniske installasjonar.
  • Støype om lag 7.400 kubikkmeter betong til veggar og basseng.
  • Klargjere for montering av maskinelt utstyr.  

Trafikk

Med ny fase blir det også endringar i trafikksituasjonen på Kvasneset. I perioden med sprenging og bortkøyring har det vore stor trafikk av lastebilar. No blir det fortsatt anleggstrafikk til det komande reinseanlegget, men med færre bilar enn tidlegare. For å sikre trafikantane, både i bil og til fots, vert det fortsatt nedsett fartsgrense forbi anlegget. 

Klikk på bilda under for å få opp større bilde og få ein nærare kikk på kva som skjer inne i fjellet.

berghall med bygningsarbeid - Klikk for stort bilete
berghall med bygningsarbeid - Klikk for stort bilete
betongplate med armeringsjern - Klikk for stort bilete
berghall med arbeid med støyping av plate i botn - Klikk for stort bilete