Grunnundersøkingar for overføringsanlegg pågår utover våren 2023

Undersøking av grunnforholda for overføringsleidningar fram til reinseanlegget på Kongshaugstranda pågår fortsatt.

For å sikre best mogleg informasjon om grunnforholda blir det gjort grunnundersøkingar der ein planlegg trasè for avløpsleidningar fram til det nye reinseanlegget. Arbeidet har pågått både i Sula og Ålesund sidan i fjor haust, men nokre stader står igjen, mellom Hamnevika og Moa der ein enno arbeider med å finne endeleg trase.

Planen er at det i løpet av våren skal vere klart kvar overføringsleidningane kjem. Då får grunneigarane der det skal leggast rør ei første generell  orientering, før det kjem meir detaljert informasjon når sjølve byggearbeidet nærmar seg. Bygging av dei første delane av overføringsnettet har planlagt oppstart i 2025.

Dei som blir direkte berørte av grunnundersøkingane vert kontakta i forkant.

Korleis skjer grunnundersøkingane?

Grunnundersøkingane er geotekniske undersøkingar der ein kartlegg type lausmassar i grunnen og avstand til fjell og miljøundersøkingar for å finne ut om det er forureina massar i grunnen. Dei geotekniske undersøkingar er små punkt på 50 mm diameter, og arbeidet med kvart punkt er som oftast gjort på under ein time. Det kan vere at enkelte av punkta skal undersøkast grundigare og då vert utstyret ståande i litt lenger tid.

borerigg i arbeid - Klikk for stort bilete

Geotekniske undersøkingar blir gjort med beltegåande geoteknisk borerigg. Riggen er 4,5 meter lang og 2,2 meter brei, går på belte og set dermed lite spor.

Dei fleste miljøundersøkingane blir  gjort med spade til om lag 30 centimeter djupne.

Når borerigg og gravemaskin er på plass, blir det i kortare periodar vanskelegare å kome seg fram på enkelte vegstrekningar. Dette blir skilta, og sikkerheita til både bilistar, gåande og syklande skal ivaretakast.

Arbeidet blir utført i to omgangar på kvar stad. Først blir det ein innleiande runde med totalsonderingar for å skaffe informasjon om lagdeling, relative mekaniske eigenskapar til lausmassen og påvising av berg der dette er relevant. I andre runde vil det bli prøvetaking av representative prøver og supplering med andre undersøkingsmetodar frå utvalde punkt.

Normal arbeidstid for borelaget er frå kl 7 til 19 mandag til og med fredag.