Framlegg til reguleringsplan for Kongshaugstranda reinseanlegg er klar

Mandag 5. desember fekk politikarar i Sula kommune og Ålesund orientering om reguleringsplan for det som fram til no har vore kalla Kvasnes avløpsreinsanlegg.

Illustrasjon over administrasjonsbygg i landskapet - Klikk for stort bilete

I samband med at det er no er gjort eit val for kvar administrasjonsbygget og fjellhallen for reinseanlegg skal ligge, har ein også måtte gjort ei vurdering av namnet. Arbeidstittelen vert framover Kongshaugstranda reinseanlegg, men det endelege namn må vedtakast av namnenemnda i Sula kommune.

Brei orientering

20. desember skal Det faste utvalet for plansaker i Sula kommune ha opp sak om reguleringsplanen skal leggast ut på høyring.

Saka og framlegg til reguleringsplan kan du lese her

Mandag 5. desember vart det halde ei orientering for Sula kommunestyre.  Ut frå omfang og oppmerksomheit om saka, vart orienteringa også streama på Sula kommune si Facebook-side slik at orienteringa nådde flest mogleg i tillegg til at den også var lett tilgjengeleg for politikarar i Ålesund som ønskjer å få det med seg.

Heilheitleg oversikt

Reguleringsplanen gir ei heilheitleg oversikt og kva ein skal bygge kvar og korleis det skal gjerast. I tillegg handlar det også om å  vis kva krav som er sett til utbygging og for avbøtande tiltak, og dermed kva som blir gjort for å minke ulemper for dei som bur i området, for naturverdiar, kulturminneverdiar, landskapsbilde, næringsliv og så bortetter.  

Nokre eksempel er:

  • At det skal byggast fortau og breiare veg før anleggsarbeidet med auka trafikk kan starte og sikre kontroll over støy, støv og transport i anleggsperioden
  • At det ikkje kan transporterast fjellmassar gjennom Veibustkrysset utan at krysset først vert utbetra
  • At det vert sett krav til høgde på pipe og reinsing slik at ein unngår spreiing av lukt og at pipa får farge og vert i eit materiale som gjer at den blir minst muleg synleg. For å halde naturen urørt, skal det heller ikkje byggast midlertidig anleggsveg til pipa.
  • At ein ikkje kan legge leidningar i naturreservatet i hekketida til fuglane og ikkje ha anleggsperiode i sjø i fuglane si hekkeperiode
  • At matjord skal gjenbrukast og at ein skal ha rutinar for at framandartar ikkje skal spreiast vidare
  • At det blir bygd nye parkeringsplassar ved naustrekka
  • At prosessanlegget blir lagt inn i fjellet og at det er gjort grunnboringar som viser at fjellet er tett nok for ein fjellhall
  • At administrasjonsbygget blir lagt lavt i terrenget, at det blir planta tre og buskar rundt som vegetasjonsskjerm, bygg blir i avdempa fargar, ha krav til materiale på støttemur ved administrasjonsbygget og sykkelparkering for å minke biltrafikk.
  • Legge adkomst til fjellhall eit godt stykke unna naboar

I arbeidet med reguleringsplanen er det teke omsyn til krava i lovverk og ei omfattande konsekvensutgreiing i tillegg til at det er gått gjennom dei til saman over 50 innspela som har kome frå offentlege styresmakter, privatpersonar og andre interessentar i samband med varsel om oppstart av planarbeid og varsel om utvida område.

Mål om sluttbehandling før sommaren

Når det blir vedtatt at reguleringsplanen skal ut på høyring, så er det lovpålagt at den skal ligge ute til høyring i minst seks veker. I denne perioden skal det mellom anna haldast eit folkemøte med orientering og der folk kan kome med spørsmål. Alle, uavhengig av om dei bur i Ålesund kommune eller Sula kommune, kan kome med skriftlege merknader i høyringsperioden. Alle innkomne merknader vert teke med vidare i arbeidet fram til endeleg politisk sluttbehandling. Målet er at dette skal blir før sommaren.