Forseinking for Kongshaugen reinseanlegg

Etter fleire møte med naboar til Kongshaugen reinseanlegg vart det i november 2023 klart at det då ikkje vart inngått frivilleg avtale om avståing av grunn til anlegget.  (Oppdatering: Dette vart endra i januar 2024)

dronebilde med oversikt over Veibust grunnkrins - Klikk for stort bilete

 

Informasjon frå hausten 2023: Det vert arbeidd vidare med situasjonen. Administrasjonen i Sula kommune vil etter kvart sende ut nabovarsel, starte arbeidet med søknad om byggeløyve og førebu ekspropriasjon slik at det kan settast i verk når kommunen har fått ein rettskraftig reguleringsplan.

Dette vart det også orientert om i møte med formannskapet i Sula og Utvalet for plan og miljø tirsdag 15. november. 

Dersom saka skulle ende med ekspropriasjon, vil det truleg forseinke prosjekt med seks til ni månader, som igjen vil bety kostnader for prosjekt og innbyggarar. 

Arbeidet med prosjektering av reinseanlegg og overføringsanlegg vil halde fram som før. 

(OBS: Det vart inngått frivilleg avtale med grunneigarane i januar 2024.  Du kan lese om det i denne saka her. )