Forprosjektet godkjent

I juni 2021 vedtok både kommunestyret i Sula og Ålesund godkjenning av forprosjektet og vidare samarbeid om Kvasnes avløpsreinseanlegg. 

I Ålesund gjekk kommunestyret med 44 mot 33 stemmer inn for å gå vidare med detaljprosjektet med tilleggsutgreiingar for to alternative utsleppspunkt. Mot fire stemmer vart det også vedteke å få kvalitetssikra kostnadene. 

Sula kommunestyre vedtok med 16 mot 13 stemmer å gå vidare med detaljprosjektering av anlegg på Kvasnes med tillegg om utgreiing av to alternative utsleppspunkt og at ein skal ha spesielt fokus på miljøgifter og tungmetall. 

Sakspapira for både Sula og Ålesund finn du her.