Ein månad sidan første salve

Etter ein månad med bergarbeid har vi no kome rundt 90 meter innover i fjellet på begge tunellane.

tunnelarbeidarar og borerigg i mørk tunnel - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Shutterstock

Dermed er vi ferdige med om lag ein firedel av strekninga inn til berghallane.  
Bergkvaliteten er som forventa god og i tråd med undersøkingane som var gjort i forkant. Her er nokre slepper i fjellet, men det er også i samsvar med det som var venta.  

Ikkje lenger sirene 

Når vi har kome så langt inn i fjellet, blir det ikkje varsla med sirene lenger. Når ikkje folk i området får sirene-lyden før sprenging, kan det vere ekstra viktig å ha meldt seg på www.nabovarsling.no, for å få sms når det skal skytast. Då får ein varsel i forkant og slepp overraskingar. 

Vi held fram med å ha vakter på vegen som stoppar trafikken akkurat når det skal sprengast. 

Det vil fortsatt vere mest  vanleg med to til fire salvar per dag. 

Det blir ikkje skyting i påskeveka og det meste arbeidet vil ligge stilt desse dagane.

Sommarferien er planlagt til veke 29, 30 og 31.

Massetransport

Medan tunnelarbeidarane har fri annankvar laurdag blir det køyrt massetransport kvar laurdag. Dette arbeidet blir gjort av Volda maskin og har eigne arbeidstider.  

Steinen som er tatt ut av tunnelane blir mellomlagra på tomta før den blir køyrt til Giørtz-tomta på Sjukenesstranda der portane stenger laurdag klokka 16. Også her kan det unntaksvis måtte bli praktiske tilpassingar. 

Rystelsar og støy

I løpet av torsdag 27. februar vil ein nærme seg snart 70 sprengingar for prosjektet og dei to tunnelane. Det blir følgd tett med på målarane slik at det skal vere trygt for dei som bur i husa i området og at rystelsane skal vere under krava. Arbeidet blir tilpassa resultata som blir lest av slik at kvar ny salve er basert på resultata frå den forrige. 

Vi har også sett opp rystelsesmålarar på Vegsund-sida. Desse viser ingen utslag ved sprenging. Likevel høyrer folk sprenginga og det kan det skje at folk merkar effekten av lufttrykket, men det er altså ikkje målbare rystelsar i grunnen på Vegsundsida i samband med sprenging på Kongshaugstranda. 

Nabokontakt

Det har vore møte med dei næraste naboane, for å gi informasjon om arbeidet, rystelsar og rystelsesmåling. I tillegg kan ein følge med på sprengingsarbeid og framdrift på www.nabovarsling.no.