Driftsleiar for Kongshaugen reinseanleggRebecca Narvi vart våren 2024 driftsleiar for Kongshaugen reinseanlegg.Rebecca Narvi ser fram til å arbeidet som driftsleiar på Kongshaugen reinseanlegg og bidra til å sikre god vasskvalitet i fjordane Narvi er allereie tilsett i Vatn og avløp i Ålesund kommune og blir no gradvis innfasa i prosjektet Kongshaugen reinseanlegg og planlegging av drifta av anlegget.Den nye driftsleiaren er 37 år og bur i Spjelkavika saman med sambuar og eit barn. Ho har bachelorgrad som byggingeniør innan konstruksjon og har spesialisert seg i «Smart Water and Environmental Engineering» gjennom masterstudie. Dette studieprogrammet fokuserer på avanserte teknologiar og nyskapande løysingar innan drikkevatn og avløpsreinsing. Programmet er skreddarsydd for å imøtekome komande krav til avløpsreinsing både nasjonalt og internasjonalt, spesielt EU-direktiv, og Rebecca Narvi si masteroppgave handlar om karbonnøytralitet.Berekraft og sikre vasskvalitetenRebecca Narvi seier ho gler seg til fleire ting ved jobben som driftsleiar. Avløpsreinsing er eit felt som stadig utviklar seg med nye teknologiar og metodar, og ho som driftsleiar kan vere med på å bruke teknologien til å forbetre effektiviteten og berekrafta til anlegget.Narvi ser fram til å møte nye utfordringar innan bioreinsing og bidra til å redusere forureining og sikre god vasskvalitet i fjordane.- Som driftsleiar kan eg bidra til å ta vare på miljøet med å sikre at avløpsvatnet blir behandla på ein effektiv og miljøvenleg måte. Det er viktig for å beskytte det marine miljøet og bevare økosystema i regionen.Ho ser også fram til å auke kompetansen innan avløpsreinsing og vere med på å leie dyktige medarbeidarar fram mot eit godt resultat på eit område som er så viktig for omgivnadene. Sist endra 07.10.2024 14.22