Nytt

Digitalt folkemøte om miljøanlegget på Kvasnes

 Klikk for stort bildeVil du vite meir om miljøanlegget på Kvasneset og stille spørsmål? Bli med på digitalt folkmøte 17. mars saman med politikarar og fagfolk.  

Prosjektet «BLÅ-fjordar for framtida» inviterer til digitalt møte om miljøanlegget på Kvasneset onsdag 17. mars kl 18. Møtet vert streama både på Ålesund kommune og Sula kommune sine Facebook-sider.

Innlegg frå fagfolk og politikarar

På møtet fortel prosjektleiar Elin Nerem mellom anna om korleis ein jobbar i prosjektet med å skaffe eit godt kunnskapsgrunnlag til politikarane som skal vedta eit miljøanlegg og gi kommunane ei lovleg og berekraftig løysing for reine og levande fjordsystem i framtida.

Dag Olav Tennfjord, leiar i teknisk komite i Ålesund kommune, og ordførar i Sula kommune, Jim Arve Røssevoll blir med for å snakke om korleis situasjonen er i dei to kommunane i dag og kva vurderingar som er gjort fram til no når det gjeld løysingar for miljøanlegg.

I prosjektet «BLÅ-fjordar for framtida» og i samband med forslaget til reguleringsplan, vert det undersøkt ei mengde område for å avklare konsekvensane av eit nytt miljøanlegg. Henning Myrland frå Asplan Viak fortel meir om dette i tillegg til at ein også får presentert enkeltområde. Rapporten som fortel mellom anna om straumforholda ved Kvasneset vert gått gjennom på møtet av Einar Brekke frå Rådgivende Biologer og Katrine Bakke frå Norconsult orienterer om luktspreiingsanalysar.

Ope for spørsmål

Deltakarane på møtet vil også kunne svare på spørsmål frå innbyggarane. For å sikre best muleg og kvalitetssjekka svar, må spørsmåla sendast inn på e-post innan mandag 15. mars kl 14.

  Klikk for stort bilde  

Til toppen