Detaljprosjektering ute på anbod

Arbeidet med detaljprosjektering av reinseanlegg på Kvasnes vart i november 2021 lagt ut på anbod. 

Arbeidet med detaljprosjektering av eit reinseanlegg på Kvasnes vart lagt ut på Doffin fredag 5. november.

Arbeidet skal først gjennom ei prekvalifisering der ein vel ut tre til fem leverandørar ut frå dei innkomne og kvalifiserte tilboda. Tilbodsfrist for prekvalifisering er 7. desember.

Endeleg frist for å levere tilbod er 31. januar.

Planen er å inngå kontrakt våren 2022.