Byggeleiar for overføringsnettetTrygve Årsvold er tilsett som byggeleiar for overføringsnettet. Årsvold er opprinneleg frå Sandnes og kom til Ålesund i 2015 for å ta bachelor i vatn og miljøteknikk. Før det arbeidde han på anlegg og etter bacheloren har han vore anleggsleiar i eit grunnentreprenørfirma. No skal Trygve Årsvold leie arbeidet med å bygge 37 kilometer overføringsnett med pumpestasjonar som høyrer til Kongshaugen reinseanlegg. I tillegg har han også byggeleiing for overføringsnettet fram til vassbehandlingsanlegget i Fremmerholen. Trygve Årsvoll starta i jobben no i sommar, og seier det blir spennande å få vere med på å bygge to så viktige anlegg for Ålesund. Eg er dessutan ein ivrig surfar og likar å vere på sjøen, så det vert spesielt interessant å få vere med på å ta vare på livet sjø og hav når vi skal bygge overføringsnett på sjøbotnen og fram til reinsestasjonen på Kongshaugstranda. Sist endra 07.07.2023 08.59