Arkeologisk registrering Djupvika

I samband med reguleringsplan for pumpestasjon i Djupvika har det vore gjort arkeologisk registrering. Det vart ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne.

arkeologisk utgraving på mark - Klikk for stort bileteEit av funna blei gjort i eit prøvestikk i kanten av denne sjakta. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

I Djupvika er det ein kjent steinalderlokalitet delvis inne i planområdet (OD 145233 i kulturminnesok.no). Difor vart det undersøkt om det var fleire steinalderfunn innanfor planområdet.

Ei slik registrering er ei undersøking etter kulturminnelova, for å finne ut om det er kulturminne i området som er i konflikt med planen.

Grave for hand og med gravemaskin

Det blir tatt prøvestikk for hand og laga sjaktar med gravemaskin.

Prøvestikking betyr at ein bruker spade og fjernar torva i eit om lag 40 x 40 centimeter stort område. Massane blir grave opp mekanisk, bøtte for bøtte, og sålda i såld med fire millimeter maskevidde. Såldinga fjernar jord, sand og liknande slik at ein kan påvise steinreiskapar som økser og pilspissar, eller avfall frå tilverking av slike, som for eksempel flintavslag. Uttaksstaden for kvart bøttelag blir markert i profilen for kvart bøttelag, for eventuelt å kunne knytte funn til rett jordlag. Både positive og negative prøvestikk blir kartfesta, for å kunne avgrense eventuelle lokalitetar.

Sjakting betyr at det blir brukt gravemaskin med flatt graveskjær/pusseskjær til å forsiktig skrape av det øvste matjordlaget. Spor etter mellom anna eldstader og stolpehol etter hus er ofte synlege i den sterile grunnen under. Sjaktene har ei breidde på om lag tre meter.

Fem lausfunn

Under registreringa i Djupvika blei det funne fem små bitar av tilverka flint. Dei låg spreidd i området som såkalla lausfunn, og er i følgje Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje automatisk freda. Meir om funna ser du i Kulturminnesøk med ID 299518; 299519 og 299520.