Kvifor kan ikkje anlegget ligge ute ved havet?

Kvifor kan ikkje anlegget ligge ute ved havet?

Storfjorden er forventa å ha stort nok volum og sterke nok straumar til at eit anlegg her vil gi reine og levande fjordsystem og vere lovleg.

Sula kommunestyre har tre gongar avvist oppmodingar om å greie ut ei plassering "ut mot havet" i staden for på Kongshaugstranda (tidlegare Kvasnes).

Du kan lese meir om dei sakene her:

Også Ålesund kommunestyre sa nei til innbyggarinitiativ om å sjå på ei anna plassering. Den saka finn du her. 

Sula kommunestyre har sagt nei fordi ein har sett på Storfjorden med 400-600 meter djupne som betre egna enn Borgundfjorden og Ellingsøyfjorden, og at Storfjorden vil vere både stor nok og ha sterke nok straumar til at eit anlegg her vil gi reine og levande fjordsystem og innfri krava i lova til reinsing av avløpsvatn. 

Storfjorden/Sulafjorden frå Eltrane til Sykkylven har 36 km3 vassmassar. Til samanlikning har indre Oslofjord 9,3 km3. Denne delen av Storfjorden har altså nesten fire gongar så mykje vatn som indre Oslofjord.

 

 

 

Miljø, teknikk og økonomi

I tillegg til at Storfjorden er sett på som godt egna som mottakar av avløpsvatnet, har Sula kommunestyre også tenkt på skredfare, naturgitte forhold og naturvern, tekniske utfordringar og totalkostnader når dei ikkje har gått vidare med å utgreie miljøanlegget «ute ved havet». I tillegg er det driftseffektivt å pumpe avløpsvatnet så kort som mogleg, noko som tilseier ei plassering av anlegget nær tett befolka område.

Det er dermed ei samla vurdering som har gjort at politikarane har peikte på Kvasneset som ei muleg plassering av miljøanlegget.

Grundige undersøkingar

Etter desse vurderingane vart det gjort grundige undersøkingar i samband med forprosjekt og reguleringsplan for det nye miljøanlegget. Desse undersøkingane har gitt kunnskap om korleis eit slikt anlegg vil påverke folk, miljø og samfunn, og er grunnlag når saka skal behandlast av politikarane.

 

Til toppen