Kvifor eit stort anlegg i staden for mange små?

Kvifor eit stort anlegg i staden for mange små?

Fordi ei ny løysing for avløpsvatn samla sett må vere bra både for det tekniske, det økonomiske og det miljømessige.

Eit stort anlegg gjer at ein kan ha betre tekniske løysingar med betre reinsing til lavare totalpris enn om ein skal ha like gode løysingar på mange små anlegg.  Mange små anlegg vil dessutan bruke meir areal som kan brukast til andre formål enn eit anlegg som ligg inne i fjellet med lite arealbruk utanfor fjellhallen.

Erfaringsmessig er det også billegare å drive eit stort enn mange små anlegg.

I tillegg vert risikoen for driftsavbrot som kan bety dårlegare reinsing, mindre ved å ha eitt anlegg i staden for fleire små fordi ein samlar behov for oppfølging, kontroll og vedlikehald av utstyr på ein plass i staden for å spreie det utover på mange anlegg. 

Oversikt frå rapporten "BedreVann", www.bedrevann.no Norsk Vann   

Karta under viser reinseanlegg i Sula og Ålesund i dag og korleis det kan bli i framtida med eit fellesanlegg.

    

Til toppen