Val av prosess og løysing for Kongshaug reinseanlegg

Val av prosess og løysing for Kongshaug reinseanlegg

Kommunestyra i Sula og Ålesund har no fått svar på spørsmål om alternative avløpsanlegg og reinseprosessar. Filteret frå Renasys vil åleine ikkje klare kravet til sekundærreinsing.

Svaret ligg i sakspapira til kommunestyremøta som skal vere 23. mars både i Sula og Ålesund. Den dagen vert det også halde orientering i Sula kommunestyre om kor langt arbeidet med reinseanlegget og overføringsanlegget i prosjektet «Blå – fjordar for framtida» har kome.

Sakspapira for Ålesund finn du her.

Sakspapira for Sula finn du her. 

Med tidsramme i bestillinga som var inntil seks månader og sidan det ikkje var sett økonomiske rammer for oppdraget, har administrasjonen avgrensa utgreiinga ut frå vedtaka om eit felles avløpsreinsanlegg for Sula og Ålesund på Kongshaugstranda og at dette skal ligge berghall.  

Administrasjon saman med representantar frå Asplan Viak har vore på synfaring på ei rekke anlegg. Under fleire av besøka har også politikarar vore med. Berre i år har ein besøkt Kristiansand, Hønefoss, Ullensaker og Førde. I tillegg har ein hatt dialog med konsulentar og ansvarlege for planlegging, bygging og drift av større reinseanlegg

Reinsing i fleire trinn

Reinseprosessen ved større avløpsanlegg er delt opp i fleire ulike trinn. For Kongshaug reinseanlegg vert det eit første trinn med grovrist og sand- og feittfang. I andre trinn er det forsedimentering før det blir biologisk reinsing i tredje trinn og flotasjon i fjerde og siste trinn.

illustrasjon som viser reinsetrinn - Klikk for stort bilete

Filteret frå Renasys i Førde som har vore mykje omtala i media, ville i tilfelle det skulle brukast måtte vere ein del av det andre trinnet. Ut frå dokumentasjonen som er framlagt er konklusjonen frå Asplan Viak at «Et filter frå Renasys alene vil ikke klare kravet til sekundærrensing for et normalt avløpsvann».

Ikkje dokumentasjon på reinsegrad eller pris

Renasys har ikkje lagt fram noko form for dokumentasjon på reinsegrad eller kostnadsnivå for filtreringsystemet.

Før besøket hos pilotanlegget i Førde måtte deltakarane signere ein teiepliktsavtale som legg strenge føringar for deling av informasjon. Avtalen gjer at det ikkje er muleg å legge fram detaljert informasjon om teknologi eller pilotprosjektet.  Men, svaret på interpellasjonen peikar på at Renasys-filteret ikkje greier å ta oppløyst organisk næringsstoff som må til for å innfri krava til sekundærreinsing.

I svaret til politikarane kjem det også fram at Renasys kun tilbyr leasing av filtersystemet, men at dei ikkje har gitt informasjon om kva det vil koste. Dermed er det heller ikkje råd å samanlikne prisen på filteret frå Renasys med driftskostnader for andre løysingar. I tillegg måtte sjølvsagt eventuelt val av filter ut på anbod slik at alle tilbydarar av filter som tilfredsstiller krava til funksjon og reinsegrad kan levere tilbod.

Ikkje endre planlagd prosess

I svaret på interpellasjonen blir det konkludert med at reinseløysinga for Kongshaug reinseanlegg er vurdert inngåande både i forprosjektet og i detaljprosjekteringa som pågår no. I vurderingane er det teke omsyn til reinseeffekt, kostnader både for byggefase og driftsfase, driftssikkerheit og fordelar og ulemper knytt til dagleg drift. Ut frå alt dette rår administrasjonen til at informasjonen i saka vert tatt til orientering utan at det vert lagt føringar om å endre planlagd reinseprosess.

Til toppen