Nytt

Om lag same gebyr uansett kva løysing ein vel for oppgradert avløpsordning

Forprosjekt og kostnader for nytt miljøanlegg på Kvasnes er no presentert, og normalgebyret for ein familie vil bli om lag det same anten ein bygger nytt eller oppgraderer gamle anlegg.

For Ålesund kommune vil årleg kostnad for kommunen bli marginalt høgare enn om ein vel Kvasnes framfor oppgradering av gamle anlegg medan det for Sula sin del vil vere billegare å velje Kvasnes framfor alternativet med nytt anlegg på Sunde.

Kostnader for fleire alternativ

Som ein del av saksutgreiinga til kommunestyra i Ålesund og Sula, vart det gitt tilbod til kommunestyrerepresentantane om å delta på eit informasjonsmøte der forprosjektet med mellom anna tilrådd plassering og kostnader vart presentert.

I tillegg til forprosjekt for Kvasnes har ein fått eksterne konsulentar til å gjere ei vurdering av kva det vil koste med oppgradering av gamle anlegg i Ålesund. For Sula sin del vart kostnader rundt eit eige anlegg i dagen på Sunde kostnadsberekna. Sjølv om det er knytt usikkerheit til tala for oppgradering av gamle anlegg i Ålesund, så vil tala vere med på å gi politikarane eit betre samanliknings- og beslutningsgrunnlag enn om ein berre hadde tal for eit nytt anlegg på Kvasnes. For alle alternativa har ein lagt til grunn oppgradering til sekundærreinseanlegg slik at det skal samsvare med føresetnadene for eit nytt anlegg på Kvasnes.

60 kroner meir i året om ein vel nytt anlegg på Kvasnes

Normalgebyr Ålesund For dei i Ålesund som betaler normalgebyr er det berekna at det i gjennomsnitt vil koste 60 kroner meir i året dei komande ti åra om ein bygger ut Kvasnes enn om ein oppgraderer dei gamle anlegga. For begge alternativa vil auken vere frå 3.815 kroner til knappe 7.000 kroner.

 

Normalgebyr SulaI Sula er normalgebyret i gjennomsnitt for dei komande ti åra berekna til å vere rundt 900 kroner meir for ei løysing på Kvasnes enn med ei løysing på Sunde.  Auken i Sula vil gå frå 6.725 kroner til knappe 14.000 kroner i 2031.

Kostnad for kommunane

For Ålesund er dei totale investeringskostnadene for anlegget på Kvasnes inkludert overføringssystem berekna til 847 millionar kroner. Anslaga for oppgradering av gamle anlegg er på 455 millionar kroner. I årleg kostnad for kommunen utgjer det knappe 71 millionar kroner for eit nytt anlegg på Kvasnes mot knappe 58 millionar kroner for oppgradering av dei gamle. Årsaka til den lave differansen i gebyret sjølv om differansen i investering er stor, er at for anlegget på Kvasnes har det aller meste av investeringane ei forventa levetid på 40 år, medan det for alternativet med å oppgradere eksisterande anlegg er forventa levetid på 20 år for over halvparten av investeringane. Det gir ei langt jamnare belastning av kapitalkostnadane over tid for anlegg på Kvasnes enn ved oppgradering av anlegg. 

I Sula er alternativet med Kvasnes berekna til ein investeringskostnad på 261 millionar kroner mot utbygging på Sunde med ein kostnad på 221 millionar kroner. Samla årleg kostnad for Sula for Kvasnes-alternativet er 20,7 millionar kroner medan den årlege kostnaden  for Sunde vert noko høgare med 22,4 millionar kroner.

 Byggestopp

I informasjonsmøtet vart det også lagt fram tal og prisar for det såkalla 0-alternativet som betyr å halde fram som i dag. Men Statsforvaltaren har tidlegare varsla både Ålesund og Sula kommune skriftleg om at dei kjem til å krevje framgang i arbeidet med å rette opp manglar når det gjeld reinsing av avløpsvatn og ureinsa overvatn i begge kommunane. Hvis ikkje det skjer, kan det ende med byggestopp. Dette vart stadfesta av representantar for Statsforvaltaren under informasjonsmøtet for kommunestyrepolitikarane.

Plassering

Kvasnes med alternativ 1, 2 og 3 

Det har tidlegare vore peikt på tre ulike alternative plasseringar av eit nytt anlegg på Kvasneset.

Forprosjektet anbefaler no det midtre alternativet.

Det blir gjort mellom anna på grunn av at det i minst grad kjem i konflikt med kulturminne og at det har minst innverknad på lokal bebyggelse i tillegg til anleggstekniske forhold samt at det er det beste alternativet med tanke på ingeniørgeologi.

 

Sjølve anlegget er eit 550 kvadratmeter stort kontorbygg i dagen i tillegg til eit fjellanlegg med to tunellar, to fjellhallar for prosessanlegg og ventilasjonssjakter opp til pipe og ventilasjonsinntak oppe på fjellet. Fjellhallane er opp til 26 meter breie og 18 meter høge medan den lengste tunellen er 250 meter lang.

Prosessanlegg i fjellet, nedre del 

Til toppen